FRESVIK: Denne helga har mang eit lokalband venta på.
Fres Festival, også kjend under namnet Fresn, er for mange sommaren si store happening. Festivalen som skal vera eit alternativ til alternative festivalar, har etter kvart vakse seg større enn dei fire karane som kallar seg sjølve leiinga, nokon gong hadde trudd den kunne bli.
Noko av det som skil denne festivalen frå andre festivalar, reint bortsett frå eit forbod mot tofu og det at festivalområdet ligg i Fresvik, er at det i fremste rekkje er lokale artistar som opptrer og alle band, uansett popularitet, spelar gratis.
Alle må dra lasset
– Det er den einaste måten å få det til å gå rundt på, forklarar festivalsjef Lars Tore Skau.
– Me er i fremste rekkje opptekne av at nye lokalband skal få sjansen til å vise seg fram, meiner han.
– Men er det rett å krevja inngangspengar av artistar som skal opptre?
– Alle må vera med å dra lasset på Fresn, svarar Skau.
– Det er klart at 100 kroner i inngangspengar skal vera overkomeleg for dei fleste. Og dersom ikkje alle hadde betalt, ville festivalen vorte langt dyrare for resten, forklarar han.
Stort engasjement
Ein av fordelane denne leiinga har er det sterke engasjement Fresn skapar. Både artistar og publikum har gjort sitt til at festivalen har blitt ein stor suksess dei siste to åra, og både i forkant og under arrangement har leiinga alltid fått med seg mange eldsjeler som brenn for Fres Festival. 2007 er ikkje noko unntak.
– Me er særleg glade for all den velviljen me har fått frå bygdefolket, seier festivalleiinga, som i tillegg til velvilje også har fått ein del byggemateriale frå fresvikfolket.
I alt skal 23 artistar opptre i Fresvik denne helga. Namn som Roadkill, Tim Fancy, Vulva, Mistur og Båååv prydar lista som lovar to kveldar fulle med god musikk.
Nye kommentarar