– Sjøkabel er framtida

LEIKANGER: – Kabling er framtid, seier Rolf Nesheim frå Venstre, og ser med spaning fram mot onsdagens fylkesutvalsmøte i Statens hus i Leikanger.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Terje Eggum terje.eggum@sognavis.no
Publisert 03.07.2007 kl 08:36 Oppdatert 03.07.2007 kl 08:40

Tips ein venn på e-post:

...
SJØKABEL I AURLANDSFJORDEN: Det fins eit alternativ til kunsing av Fardal/Ylvisåker og øyding av store naturverdiar gjennom Leikanger. Alternativet er sjøkabel i Aurlandsfjorden, det vil Venstre, SV og KrF venteleg understreka sterkt i fylkesutvalet i morgon.

Det er venta at andre enn Venstre kjem til å gjera framlegg om å møblera kraftig om på fylkesrådmannen si 420 kV-innstilling.

Provoserer

Rådmann Jan Øhlckers si høyringsinnstilling på den forhatte lina har provosert fleire i det fylkespolitiske miljøet.

Etter det Sogn Avis erfarer kjem dette til å koma til uttrykk gjennom dei tre opposisjonspartia i fylkesutvalet onsdag. Men kanskje kjem jamvel Senterpartiet til å gje uttrykk for at rådmannsinnstillinga er i drygaste laget.

– Fylkesrådmannen er alt anna enn framtidsretta gjennom denne innstillinga, seier Rolf Nesheim, og konstaterer at fylkeskommunen ikkje ein gong luftar utsiktene for ein sjøkabel kopla på Aurland.

Overfører meir

Slik meiner Rolf Nesheim at Sogn kan koma nokolunde heilskinna frå det kolossale linemonsteret.

– Kabling i sjøen har fordelar ut over dei estetiske miljøomsyna, seier han, og viser til eit lite påakta poeng:

– Sjøkabel gjev ti prosent meir straum gjennom overføringa om ein måler mot tapet gjennom overføring i luft. Dette tilhøvet burde vore vektlagt meir, seier han, og ventar forgjeves på at olje- og energiministeren skal tala klart og tydeleg om kva sjøkabling eigentleg kostar.

Han viser til Statnett sine rituelle øvingar om kor mange gonger dyrare det er å kabla ei slik line framfor å overføra i luft.

Kritikkverdig

– Det har vore nemnt at dette kostar 6–12 gonger meir, men det må vera råd å rekna på dette og koma fram med eit tal som er realistisk, seier Rolf Nesheim.

Han meiner det er kritikkverdig at fylkeskommunen ikkje ser koplinga til andre næringar enn kraftsektoren.

– Den norske fjord- og fjellheimen blir ein kjempeattraktiv kvalitet om eit tiår eller to, me må forstå at urørt natur er verdt å ha med seg inn i ei framtid, seier han, og åtvarar mot å køyra rådmannen sitt løp, som han meiner er å skussla bort ein kvalitet ei viktig næring har bruk for.

Rosar sivil ulydnad

– Fylkeskommunen skal vera ein regional utviklingsaktør, då må ein satsa bærekraftig, ein må i alle fall forsøka å la vera aktivt ta del i raseringa av naturkvalitetane våre.

– Sjøkabel med tilknytingspunkt, strekt frå Aurland til Balestrand er svaret, då kan ein samstundes plukka vekk ein god del gamle kraftliner og sanera vekk transformatoranlegg som berre er til sjenanse, seier Rolf Nesheim, og rosar Sp-ordførar Jan Herstad for å ha annonsert sivil ulydnad.

– Slike trugsmål skal ein ta på alvor, me har ein norsk tradisjon på at store naturinngrep kan provosera fram sivil ulydnad, det er såleis særleg miljøspørsmål som mobiliserer slike verkemiddel, seier han.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.