UP aksjonerer i turneringshelga

SOGNDAL: Stor trafikk i samband med Sognefjord Cup som startar i dag, gjer at UP varslar fleire kontrollar.

Publisert 28.06.2007 kl 15:43 Oppdatert 28.06.2007 kl 15:51

Tips ein venn på e-post:

...
VARSLAR KONTROLLAR: I samband med storinnrykk til Sognefjord Cup vil UP ha fleire kontrollar med fokus på sikring og fart.

– Me vil ha ein god del kontrollverksemd, seier Arvid Flæte, politioverbetjent i utrykningspolitiet.

Heile helga

Innfartsårene til Sogndal vil bli heldne under oppsyn av UP frå torsdag og heile helga så lenge turneringa varer.

Særleg fokus vil det vera på fart og sikring av born i bil, sidan mange unge er på farten desse dagane.

– I dag er det mellom anna fleire kontrollar på E 16 mellom Bergen og Sogndal, opplyser Flæte.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.