LEIKANGER: Kva har tyggjegummi, California, Jostedalen og Blitzhuset til felles?
Svaret er Automobil. Eit nytt og lovande Sognaband, som har sett seg som mål å skriva den perfekte poplåta.
– Ja, du kan vel seia det slik, meiner vokalist og gitarist Erik Grov (20) på telefon frå Jostedalen.
Fresn og hovudstaden
Automobil gjorde i helga to minneverdige gigs, ein på Brefestivalen i Jostedalen fredag, og ein på ein lukka fest på Kaupanger laurdag kveld. I slutten av juli spelar gruppa på Fresn i Fresvik.
No vonar dei at også hovudstaden – der bandmedlemene held til når dei ikkje er heime på ferie – har plass til den søte poprocken. Men fyrst må demo vera på plass.
Vond sirkel
– For å få spelejobb i Oslo er me heilt avhengige av ein demo. Men for å få råd til å spela inn ein demo treng me spelejobbar, sukkar Grov.
Framtida er likevel ikkje berre svart.
– Bassisten vår, Per Christian, har visst nokre kontaktar som kan hjelpa oss med ei innspeling, og kanskje blir det ein turné med Tim Fancy når dei slepp sin komande EP, fortel jostedølen som har tru på ein haust med mykje musikk i. Og han omtalar med rette sine bandkameratar som dyktige. Men seier samstundes at kompet skal vera enkelt. For i denne tradisjonen er det melodiane som skal lokka til seg lyttarar.
Radiomusikk
– Det viktigaste for meg er å skriva fine melodiar, helst noko som er catchy, forklarar Grov. Det er han og medgitarist Eirik Kristensen som står for låtskrivinga. Og låtane er verkeleg catchy.
Lettfattelege, men samstundes originale melodiar, klokkeklåre harmoniar over obligatoriske «oooh» og «aaah» og sjølvsagt, fengjande akkordrekkjer.
– Folk rynkar litt på nasen når høyrer ordet sommarpop, meiner Grov.
– Og me spelar jo ikkje populærmusikk slik den blir laga i dag. Men musikken vår hadde klart vore popmusikk på både 60- og 70-talet. Han vonar no at norsk radio vil fatta interesse.
California og tyggjegummi
– Det er jo radiovenleg musikk dette her, seier Grov.
På gruppa si MySpace side har dei ført opp Bob Dylan og Neil Young som inspirasjonskjelder. Men musikken skrik meir California- og tyggjegummipop enn samfunnskritisk gråpapirrock.
– Eg meiner at folk kan meina kva dei vil om musikken vår. Men det er jo i fremste rekkje gladmusikk, og eg har vel nemnd både California og chewing gum i ein av tekstane mine, innrømmer Grov. Han fortel også at politikk er eit ikkje-tema i tekstane. Sjølv gruppa øver på Blitzhuset i Oslo.
Politirazzia
– Me er på ingen måte ei Blitzband, me øver på Blitz fordi det er billig og bra. Eller, det var i alle høve bra heilt til politiet hadde razzia.
Under politiet si saumfaring etter illegale objekt, vart nemleg alle låsane i heile huset klipte av, og bandrommet måtte difor låsast med ein ny kjetting.
– Men då me skulle øve var dei som hadde den nye nøkkel over alle hauger. Så me måtte saga over låsen med baufil, ler Grov.
Nye kommentarar