Import seinkar sal av nypoteter

LÆRDAL: Mykje godt ver har gjort at potetene er fine og at opptaket starta tidleg i år, men grunna mykje importpoteter på marknaden har salet starta tregt. Dagleg leiar i Lærdal Grønt, Kåre Øyri, ser likevel lyst på sesongen.

Publisert 21.06.2007 kl 10:50 Oppdatert 21.06.2007 kl 10:57

Tips ein venn på e-post:

...
HEKTISK: Martin Benjamic, Gro Agnethe Nybø og Kjell Brugrand har mykje å gjere i desse dagar.

Planen var at potetbøndene i Lærdal skulle få ta opp om lag 60 tonn poteter denne veka, men sidan handelsbedriftene Bama og Bare har att mykje importpoteter, ser det no ut til å enda på om lag 20 tonn.

– Men det kan me ta fort att på nokre veker. Sidan me no i slutten av veka også skal byrja å levera til Bare, i tillegg til Bama, tippar eg med me i neste veke er oppe i 60–70 tonn, seier Øyri.

7,93 for kiloen

Dei fyrste to vekene er det i hovudsak potetsorten «Juno» som blir teken opp.

– Me reknar med at me vil starta med «Rut» frå veke 27, seier Øyri

Og sjølv om salet har starta tregt, er sesongen ei veke tidlegare i år i høve til i fjor.

– Alt dette er «litt ettersom»; me har med ei levande vare å gjera, og då kjem det an på korleis avlingane er, og når Bergen blir klare til å ta i mot. Av det vesle me har fått i år, ser storleiken ut til å vera betre enn i fjor, så det går lite vekk i småpotet, forklarar Øyri.

Prisane ligg denne veka på sju kroner og 93 øre per kilo, ein pris Øyri er godt nøgd med.

– Det er rett nok litt lågare enn i fjor, men då hadde me ein utruleg god pris.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.