På båttur med Elias

BALESTRAND: Det var mange smilande bornefjes å spora i Holmen då Sagatun Barnehage og andre barn fekk møta redningsskøyta Elias måndag føremiddag.

Publisert 03.04.2007 kl 18:18 Oppdatert 04.04.2007 kl 12:24

Tips ein venn på e-post:

...
FLOTT BÅTTUR: Ådne Åm Risa og Johannes Dale fekk prøvetur med Elias. (Foto: Jostein Risa)

Det var takka vera Per A. Øren med Odd Arild Lunde i spissen at den populære båten tok turen frå Florø til Sogn for å ta dei yngste balestrendingane på ein liten tur rundt på Esefjorden. I morgon vert det ny sjanse for ungar som ynskjer ein tur med Elias.

– Det var lenge usikkert om me fekk til dette opplegget rundt filmen «Elias og Kongeskipet», men all takk til John Birger Ystebø i Redningsselskapet her i fylket som hjelpte oss å realisera det, seier dagleg leiar ved Friberg Kino, Merete Sande.

Per Ove Mundal var både kaptein, maskinist og styrmann der han cruisa rundt på fjorden med to og to entusiastiske born om bord. Det er noko usikkert korleis Elias skal koma seg attende til Florø, men Merete Sande håpar at nokon med stor bil kan melda seg.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.