Får NM i motbakkeløp

LUSTER: Fanaråken Duatlon vert Turtagrø–Fanaråken Opp i år og noregsmeisterskap i motbakkeløp.

Publisert 21.03.2007 kl 23:01 Oppdatert 22.03.2007 kl 15:42

Tips ein venn på e-post:

...
TIL TOPPS: Ingrid Fjær Andersen sette rekord i fjorårets Fanaråken Duatlon. I år kan ho konkurrera om NM-tittel.

– Ei stor æra å få arrangera NM. Me håpar på minst 500 deltakarar, seier Anders Fortun.

Motbakkeløp er i vinden som aldri før og vesle IL Fanaråk har fått årets noregsmeisterskap.

1200 høgdemeter

– Dette er sjølvsagt eit veldig stort arrangement for eit så lite idrettslag som IL Fanaråk, men me har arrangert noregsmeisterskap før og veit at me taklar det, seier Anders Fortun.

Laurdag 11. august går motbakkeløpet med start ved Turtagrø Hotell og mål på Fanaråken (2.068 moh.). Det er 1.200 høgdemeter fordelt på 8,4 kilometer. Dei første fire kilometrane, inn til Helgedalsbotnen, er i slakt terreng med ei samla stigning på om lag eitt hundre meter, men så er det også slutt på det som måtte vera av kos. Frå Helgedalsbotnen og opp til DNT-hytta på Fanaråken er det 1.100 høgdemeter.

Motbakke er mote

Ei skikkeleg tøff løype med andre ord, og meir enn bratt nok til å vera arena for NM.

– Me kuttar duatlonkonkurransen i år, fordi det ville teke fokus vekk frå motbakkeløpet. Når me først fekk NM, så vil me sjølvsagt gjera alt me kan for at det skal verta så bra som mogleg, seier Fortun.

I løpet av dei fem siste åra har talet på motbakkeløp i Noreg auka frå ei handfull til kring 50 terminfesta løp. Berre i Sogn og Fjordane er det ti slike motbakkeløp, mellom dei Skåla rett opp, Rallarvegsløpet og Heirsnosi Opp.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.