Festival for breen

SOGNDAL: Kva er vel meir naturleg enn breen som tema når jostedølene skal skipa sin eigen festival?

Publisert 13.03.2007 kl 23:01 Oppdatert 14.03.2007 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:

...
BRE OG KLIMA: Peder Kjærvik (t.h.), sjef for Breheimsenteret, og Carlo Aall ved Vestlandsforsking er saman om å skipa Norsk Brefestival i slutten av juni. - Dette skal verta ein årviss festival, seier dei.

Frå torsdag 21. juni og fire dagar framover slår bygdelaget og reiselivsnæringa i Jostedalen til med det som skal verta ein årleg brefestival. Også Vestlandsforsking tek sikte på at deira nasjonale klimaseminar skal verta ei årleg tilskiping.

Norsk Brefestival i Jostedalen skal setja fokus på forsking kring klima og berekraftig utvikling. Og så skal det lagast mykje leik og moro på og under breen i regi av brebygda sine mange aktivitetsverksemder.

– Me har sydd saman eit program der me blandar aktivitetar og naturopplevingar med vitskap og kunnskap. Og så vert det sjølvsagt litt fest og moro, seier Peder Kjærvik, sjef for Breheimsenteret.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.