Ny plate og europaturné

SOGNDAL: I det komande albumet «I Krig» har Vreid eit noko rolegare tempo for å få fram stemning og tyngd. Frametter våren blir det europaturné for metalgruppa frå Sogn.

Publisert 27.02.2007 kl 23:01 Oppdatert 28.02.2007 kl 08:22

Tips ein venn på e-post:

...
TURNÉ: No ventar spelejobbar i mellom anna Belgia og Tyskland og bandet ser ikkje vekk frå at det kan bli speling i Sogndal utpå året. (Arkivfoto)
...
I KRIG: Coveret til Vreid-plata med tekstar av Gunnar Reiss-Andersen er designa av sogningen Per Christian Grov. -Uttrykket skulle stå i stil med tekstane, me ville ha eit litt Filmavisen-uttrykk, forklarer Jarle Kvåle i bandet. (pressefoto)

– Me har drege ned tempoet, musikken er meir melodiøst og stemningsfullt, seier Jarle Kvåle.

Tidlegare har Vreid mellom anna jobba med folketonar, men sounden på nyeplata som blir sleppt i juni går mot ein meir 70-tals Black Sabbath.

– Me er blitt eldre, ler bassist Kvåle, og forsikrar at dei framleis høyrest ut som Vreid.

Nynorske tekstar

Tekstane på nyeplata er i si heilskap henta frå ei diktsamling frå 1946 om andre verdskrig og norsk motstand av Gunnar Reiss- Andersen. Bandet fekk lov av diktaren sin familie til å nytta tekstane til albumet, og har oversett dei og gjort små tilpassingar til nynorsk språkdrakt.

– Tekstane er inspirerande. Nynorsk er ein del av vårt varemerke og identitet og byggjer på talemålet vårt, derfor er det naturleg å bruka, seier Kvåle, som tykkjer det er artig at fansen i utlandet vil læra nynorsk for å forstå tekstane. På dei to første platene, «Kraft» og «Pitch Black Brigade» har dei både nytta nynorsk og engelske tekstar.

Toppar turnéplakaten

No ser låtskrivar og bassist Jarle Kvåle, Jørn Holen på trommerer, gitarist Stig Ese Eliassen og vokalist og gitarist Sture Dingsøyr fram til å presentera det nye låtmaterialet på den første, eigne turnéen bandet har. I påska dreg sogningane ut på Nothern Brigade Tour til Nederland, Belgia, Tyskland og England, land som tradisjonelt har hatt mange Vreid-fans.

– Det blir spennande å stå øvst på plakaten, meiner Kvåle og legg til at to norske band vil vera support under turneen. Vreid var i januar på turné i USA, og har gode erfaringar derfrå.

– Det var kjempeartig å sjå at så mange hadde oppdaga Vreid, plateselskapet vårt har gjort ein god jobb, meiner Kvåle og ser ikkje bort frå at det kan bli fleire USA-konsertar saman med andre band ved eit seinare høve.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.