VEITASTROND:Arne Nes (31) fekk skrekkopplevinga alle som køyrer den rasutsette Veitastrondsvegen fryktar. – Det var ganske traumatisk ja. Heldigvis hadde eg ikkje med veslejenta i bilen, seier Nes som køyrde rett inn i raset laurdag.
På veg frå Hafslo til Veitastrond i ellevetida laurdag føremiddag, køyrde Arne Nes rett i raset som dundra ned frå fjellsida ved Stølsneset. Den rasutsette strekninga på fleire hundre meter har vore stengt fleire gonger denne veka på grunn av ras.
– Eg trudde det var trygt på laurdag, men det er tydelegvis meir snø i høgda ein me anar. Eg var likevel på vakt og kasta blikket opp i gjelet for å sjå om noko var på veg, ned fortel Nes.
Heilt svart
Brått piska det kvistar og snødrev rundt den vesle golfen og så vart alt svart.
– Det var ikkje noko god kjensle nei. Det skal ikkje store kreftene til for å bli sopa på vatnet, fortel Nes som slapp unna med skrekken.
Etter kort tid roa det heile seg og Nes kunne konstatera at både han og bilen var like heile. Noko skjelven fekk han pressa opp bildøra på eine sida slik at han kom seg ut.
– Eg var glad eg var åleine i bilen. Slike traumatiske opplevingar er det godt ikkje ungane får oppleva, seier Nes.
Han fekk først hjelp av Johan Hilleren til å spa bilen laus frå raset. Kjell Egil Nes kom like etter og fekk opna vegen att.
– Me kan ikkje tillate oss sjølve å vera redde heile tida. Då kan me ikkje bu her, seier Nes som etterlyser fortgang i arbeidet med å rassikra vegen.
– Eg trur ikkje politikarane forstår alvoret. Om ikkje dei får ut fingeren no, vert heile Veitastrond avfolka. Ein ting er å oppleva slike dramatiske hendingar sjølv. Nesten enda verre er det for dei som sit heime og har konstant angst for skuleungar og andre familiemedlemmer som må pendla denne livsfarlege strekninga, seier Nes.
Fantastisk jobb
Politikarane får stryk av Nes, men Kjell Egil Nes som brøytar Veitastrondsvegen får all honnør.
– Han gjer ein fantastisk innsats, seier Nes.
Skrekkopplevinga laurdag er den andre i rekkja for den 31 år gamle veitastrendingen. Som drosjesjåfør for nokre år attende, måtte han saman med ein passasjer springa vekk frå raset. Etterpå måtte dei to spasera over to snøras før dei vart henta på andre sida.
Nye kommentarar