Forstår ikkje utspelet

SOGNDAL: Politikarar frå Ap og Frp i Sogndal er overraska over at Sogningen Storsenter melder at dei legg utvidingsplanane på hylla.

Publisert 10.01.2007 kl 23:01 Oppdatert 12.01.2007 kl 15:06

Tips ein venn på e-post:


...
UNDRANDE: Bjarne Lerum stiller seg undrande til utspelet om at utvidingsplanene for Sogningen Storsenter er lagt på is. (Arkivfoto)

– Eg forstår ikkje korleis dei kan senda ut melding om at planane om utviding er lagt på is på dette steget i prosessen. Det er ikkje gjort noko negativt politisk vedtak, og saka var på veg vidare opp i systemet, seier Bjarne Lerum i Sogndal Frp.

Han fekk i går kjennskap til brevet som Coop-sjef Dag Børge Hustad og Rolf Navarsete sende kommunen tysdag. Der skriv dei at planane om utviding av Storsenteret er lagt på is, mellom anna "på bakgrunn av dei politiske signala i saka".

– Sogndal kommune har ikkje stukke kjeppar i hjula for utbyggarane, men me i Frp meinte at utbygginga kunne gjennomførast med andre parkeringsløysingar, seier Lerum, og legg til:

– Eg ser i avisa at Hustad i Coop ikkje har slått utvidinga heilt frå seg, så eg håper at dei kan få det til likevel. Men me må ha ein konstruktiv diskusjon for å finna den beste løysinga frå alle, seier Lerum.

Arvid Stenehjem i Sogndal Ap er også overraska av utspelet frå Storsenteret. Han påpeiker at eit samrøystes forvaltningsutval har bestilt tre ulike alternativ for parkerings- og infrastrukturløysingar i høve det private reguleringsframlegget.

Han finn det underleg at det i avisa vert gjeve inntrykk av at storsenteret skrinlegg sine planar med grunngjeving i at det er gjeve "sprikande signal frå det politiske miljøet i saka" og at dette også vert signalisert av ordføraren.

– Ho seier at "etter dei signala som har komme fram frå fleire politikarar, forstår ho at investorane er usikre og til og med at dei ikkje torer å investera", refererer Stenehjem, og tek sterk avstand frå det han kallar førehandsprosedering, utan at saka har vore politisk handsama.

På framsida no


...

Uvêr på fjellet

Vegen over Sognefjellet er stengd og kan koma til å vera stengd til over helga.

...

Kritisk til utgreiing

Rådmann Frank Westad i Årdal vil ikkje vera med på ei felles utgreiing blant regionrådskommunane om kommunereforma. Han meiner det er bortkasta pengar.

...

Her kjem eit nytt motbakkeløp

Neste haust vil eit heilt nytt løp vera klart for dei som likar å løysa sveitten i motbakkar. Målsnora vert plassert på Raudmelen i Balestrand.

...

Slutt på laurdagspost

Regjeringa la onsdag eit forslag til ny postlov og postføreskrift ut på høyring.