SOGNDAL: I 11 år har det vore temmeleg lite nytt å høyra frå Olav Stedje. Men måndag tek trubaduren bladet frå munnen.
– Ein høyrer slektskapen til dei andre platene mine, men denne er kanskje meir akustisk. Det har gjerne blitt ei stilendring opp gjennom åra, men det er lett å høyra at det er min musikk, seier Olav Stedje.
Venta på rette låtar
Musikalsk har instrument som munnspel og mandolin og trekkspel funne vegen til Stedje si åttande ordinære plate, som kom i 1995. Men trass i den vesle æva som har gått, er fleire av musikarane Stedje har samarbeidd med tidlegare, med også på denne utgjevinga. Plateselskapet er det same og på produsentsida finn ein Svein Dag Hauge.
Sjølv om Stedje må vedgå at plateselskapet godmodig har masa litt om ei utgjeving, meiner han det var riktig å venta med utgjevinga til dei rette songane var på plass.
– Eg har vore ute på vegen og spelt i alle åra sidan sist plate. Eg har vore avslappa i høve til det å gje ut nytt stoff og det er viktig å få tak i dei gode låtane. Men effektiv jobbing fram mot denne plata har det vore det siste året, fortel han. Så har han også gitt plata det noko sjølvironiske namnet "Livstegn".
Coverhjelp
Det spesielle coveret er det sonen Stig som har stått for.
– Sonen min laga eit portrett av meg i leire då han gjekk i 1. klasse. Det fekk eg til fødselsdagen. No tenkte eg og plateselskapet at etter så mange plater med vanlege foto av meg, vil det vera stilig med noko anna. Så her er det nytta til plata, fortel Stedje.
Han er glad for å no vera tilbake i manesjen, og tykkjer det er kjekt at også unge folk har eit forhold til musikken.
– Det hender folk kjem bort og spør etter "Okken Bom" , smiler han og seier at han vil halda fram å jobba innan sin visepopsjanger.
Gjenforeining
Framover ser han fram til konsertar med nytt materiale, sjølv om stor plass er via dei velkjende klassikarane. I kveld er det tid for gjenforeining med musikarvener som Svein Dag Hauge, Rolf Graf, Per Hillestad og Egil Eldøen på Lægreidspuben i Sogndal. Dei har levd i musikalsk symbiose i fleire år og kallar seg eit "oldboyslag"
– Me likar kvarandre sitt selskap, har fått ein eigen humor og når me møtes kjennes det som me ikkje har vore borte frå kvarandre i det heile, forklarer Stedje.
Nye kommentarar