Ny tidlegsort gav gode potetprisar

LÆRDAL: – Eg har aldri opplevd så høg pris på potetene som i juni, seier Knut Eltun. Leiaren i potetutvalet kan melda om god innhausting av tidlegpoteter så langt.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Renate Sæle renatesognavis.no
Publisert 30.07.2006 kl 22:01 Oppdatert 31.07.2006 kl 08:19

Tips ein venn på e-post:

...
POTETFOKUS: Styreleiar i Lærdal Grønt, Rikard Lysne stadfester gode prisar for tidlegpoteter, særleg i juni.

Bøndene i Lærdal har runda 480 tonn leverte tidlegpoteter før helga og opptaket som starta i juni, held fram enno tre veker til, fortel Eltun. Som bonde har han hektiske dagar med høgsesong for bringebær og morellhausting som startar neste veke, i tillegg til potetinnhausting.

Det er tidlegpoteta Juni som sytte for gode prisar. Sorten, som er ny av året i Lærdal, gav ein oppgjerspris på 9 kroner for kiloet til produsentane, og gav gode prisar i månaden juni. No er det den meir innarbeidde sorten Ruth som er i høgsesong. Prisen her er 3,50-4 kroner til produsentane, fortel Eltun.

Det er ein tradisjon i Lærdal å dyrka tidlegpoteter, med tidleg setjing i april og gunstige v?r og temperaturtilhøve, og det blir stadig eksperimentert med nye sortar.

– I fjor prøvde me ein sort som heiter Aksel, den sorten gjekk ikkje bra i marknaden, fordi han vart mørk etter vasking. Men Juni er ei god tidlegpotet i juni månad, forklarer Eltun.

På Lærdal Grønt får dei stadig inn tidlegpoteter no, og sel grønsakene vidare til Bama. Styreleiar Rikard Lysne stadfester gode prisar, men at ein stadig må tilpassa seg for å møta den etterspurnaden marknaden har. Samstundes er utstyr til pakking og transport kostbart.

– Potetene vaskar me sjølve og me har investert i nytt pakkeutstyr, fortel han.

Treng mykje vatning

Jordbrukssjefen i Lærdal, Halvard Eri er også nøgd med potetene så langt.

– Det har vore god avsetnad og bra tilgang til vatn, meiner han.

Den høge temperaturen har gjort at det trengst store mengder vatn til jorda, og det må vatnast fleire gonger i veka. Men det meiner jordbrukssjefen bøndene klarer fint.

– Lærdølene er vant til vatning og har godt utbygde vatningssystem. Dersom det byrjar minka på naturleg trykk på vasskjeldene, har produsentane gardert seg med elektrisk pumpekraft til vatningsanlegga, seier Eri.

I løpet av dei tre neste vekene forventar bøndene å bli ferdige med tidlegpotetene. Etter det er det tid for innhausting av potetsorten Laila, som enkelte byrjar ta opp allereie kommande veke.

Stabile mengder gulrot

Tidleggulrot som vart sådd i midten av mai, og har stått under plast og seinare akrylduk er også under innhausting framover.

– Tidleg gulrot gjev høgare pris, det ligg på sju kroner, minus pakketrekk og frakt for produsentane, seier Knut Eltun.

Han meiner kvantumet gulrot vil bli på om lag 600 tonn denne sesongen, dersom ein ser tidleg gulrot og vanleg gulrot under eitt.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.