FEIOS: Dei har selt 1000 liter heimelaga is sidan oppstarten i august i fjor. No ventar produksjon av økologisk iskrem for å møta etterspurnaden etter tidsriktig, heimeprodusert mat .
– Nordmenn et heldigvis mykje is, smiler Laurien Geerse og Guus Morel.
Det nederlandske paret starta opp med isproduksjon i fjor haust, og har hatt travle dagar i vårmånadane med konfirmasjonar og heilagdagar i kø. Så langt har inntektene vore lågare enn utgiftene, men frå hausten av forventar iskrem-makarane å tena pengar av sal av den heimelaga Feios-iskremen.
Ynskjer økologisk
Når dei no legg om gardsdrifta til økologisk landbruk opnar dette for produksjon av økologisk iskrem, helst med eigenproduserte råvarer. Hittil har dei kjøpt mjølk til isproduksjonen, men dei håpar på å nytta mjølk og fløyte frå sine eigne telemarkskyr. Men omleggingsprosessen tek tid. Først om halvanna år kan dei forventa at dei har råvarer og godkjenning på plass som gjer isen heiløkologisk.
– Me må byggja om fjøsen og det er ei utfordring å dyrka utan kunstgjødsel og antibiotika. I tillegg tek det tid å få kunstgjødning og sprøytemiddel ut av jorda. Men me håpar at når den økologiske isen kjem i produksjon, vil det føra til høgare prisar på isen vår. Økologiske varer er moderne, og me trur folk liker at mat er laga av økologiske råvarer, forklarer dei to optimistisk.
Verksemda har dei bygd opp med hjelp frå Innovasjon Norge, noko dei meiner har vore avgjerande for at dei kunne koma i gang. Sidan det er vanskeleg å tena pengar på å driva tradisjonelt gardsbruk, leitte dei etter nye moglegheiter. Og løysinga vart isproduksjon.
Grøn produksjon
– Me er glade me er bønder i Noreg, som ikkje er eit EU-land. Mange legg ned gardsdrifta på grunn av regelverk og konkurranse, men det gjeld å tenka kreativt, meiner dei.
Kundane er entusiastiske og nærmiljøet har støtta opp om dei to nyetablerarane. No ventar dei at dottera, som bur i Nederland, skal flytta til Noreg for å hjelpa dei med iskremeventyret.
– Enkelte var nok skeptiske til at me skulle starta opp med dette, men er forbausa over at det går så bra, fortel paret, som har budd halvanna år i Noreg. Me har lenge tenkt på å starta med eiga verksemd, me er opptekne av grøn omsorg og produksjon. I Nederland er det meir regelverk å forhalda seg til, og me har funne ein flott stad her, seier dei om grunnen til at dei har slege seg ned nettopp i Feios.
Korkje Laurien eller Guus har bakgrunn frå landbruket i Nederland, så det var mykje å setja seg inn i når dei tok til med gardsdrift i Sogn. Laurien er utdanna psykiatrisk sjukepleiar og Guus har arbeidd hjå det som tilsvarer Fylkesmannen i Norge. Så langt har begge arbeid utanfor garden og isproduksjonen. Guus arbeider 50 prosent som avløysar, og Laurien arbeider i heimesjukepleien i Balestrand.
Sjølv om isen dei produserer no, ikkje kan reknast som økologisk, inneheld han berre naturlege ingrediensar, og ingen konserveringsmiddel eller tilsette fargestoff. Fløyte, mjølk og egg er hovudingrediensane i fløyteisen, og det er store mengder råvarer som må til. 50 liter iskrem krev nemleg 300 egg. Frukt, sjokolade, bær og nøtter tilsett for å framskaffa ulike smakar. Dei lagar også sorbet-is, som er ein saftis med frukttilsetjing. Bringebæra brukt i isen dyrkar dei heime på garden, og blåbær og molter blir plukka i feiosnaturen.
– Det er spennande å prøva ut nye ting, og økologi er ein ideologi me liker, seier iskremprodusentane i Feios.
Nye kommentarar