Auksjon for jordskjelvoffer

LEIKANGER:Ein spontan idé. Bjørn Fjøsne kontakta lokale kunstnarar, og no vert det ein kunstauksjon der pengane går til å hjelpa dei jordskjelvråka i Pakistan.

Publisert 15.12.2005 kl 00:00 Oppdatert 16.12.2005 kl 11:41

Tips ein venn på e-post:


– Eg gjekk heime og fraus, bryggja på ei forkjøling då eg såg på dei hjarteskjerande tv-bileta om katastrofen. Stakkars folk, tenkte eg, og fekk idéen. Eg må prøva å hjelpa dei, om det berre vert ein liten skjerv i den store potten, seier Bjørn Fjøsne. Spontant har han sett i gang ein kunstauksjon.

Berre velvilje

Heile inntekta av auksjonen skal gå til Røde Kors sitt hjelpearbeid for dei jordskjelvråka, og då særleg for dei mange hjelpetrengande i Pakistan. I alt 2,5 millionar menneske treng hjelp til å skaffa seg mat og husrom.

– Eg kontakta lokale kunstnarar. Ikkje ein av dei har sagt nei til å gje eit bilete. Eg er imponert over all velvilje dei har vist, seier Fjøsne, som til no har fått inn sju ulike arbeid. Målet er å få inn ti arbeid.

I livsfare

– Over 200.000 sit oppe i fjella og treng akutt hjelp. Det er som om ein sit på Jostedalsbreen med eit ullteppe rundt seg og må bu i eit telt, seier Bjørg Sørfonden i Røde Kors besøksteneste i Leikanger. Ho er takksam for at Bjørn Fjøsne har teke initiativ til ein kunstauksjon, og slik gjera det mogleg å yta endå meir hjelp til dei mange som lid.

– Eg beundrar spontane aksjonar. Røde Kors kan lova at kvar einaste krone går rett til dei som treng hjelp, seier Sørfonden.

Røde Kors har til no berre fått inn halvparten av dei pengane dei treng til hjelpearbeidet. Organisasjonen har to sjukehus, sju helseklinikkar og åtte medisinske team som dagleg har over 2.500 pasientar.

– Det er no hjelpa trengst. Både Røde Kors og FN internasjonalt åtvarar mot at det kan dø like mange på grunn av kulde, lite mat og mangel på drikkevatn, som dei 86.000 menneske som døydde i skjelvet. Trongen for hjelp er enorm. Når kulda kjem, kan ein heller ikkje bruka helikopter til å få fram proviant og anna utstyr til dei som bur i avsidesliggjande område. Dei 200.000 som lever i fjella, er det akutt trong for å få hjelp, seier Sørfonden.

Grav djupt

Kunstauksjonen vert tysdag 20. januar på ettermiddagen. Auksjonarius Odd Nesse har lova å stilla, og skal gjera sitt til at systrendingar og andre vil grava djupt i lommeboka for å sikra seg eitt av kunstverka.

– Eg ringjer rundt til personar som eg veit målar, og det har berre vore positive tilbakemeldingar. Eg vart litt flau i ettertid, men skal ein få noko til må ein våga å vera litt spontan, seier Fjøsne.

Bileta vil vera utstilte i banklokala på Hermansverk fram til auksjonsdagen.

Dei som har sagt ja og gjeve arbeid til kunstauksjonen er: Lilly Mundal, Astrid Tove Haug, Anna Njøs, Alvhild Næss, Inger Johanne Fjøsne, Marit Fjøsne og Tordis Henjum.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.