SOGNDAL: Ei 33 år gamal kvinne vart pågripen og sikta etter at ein festdeltakar vart påført fleire knivstikk natt til måndag. Ein mann i 20-åra vart frakta til lege med ambulanse, men kom frå hendinga med lettare skader.
- Me har fleire vitne til hendinga. Desse vil bli avhøyrde så snart som råd, seier vakthavande politi Einar Christensen.
– Mannen vart stukken fleire stader på kroppen, både i fot, arm og brystkasse. Tilbakemeldingane til politiet seier at han var på legevakta der han fekk sydd såra, men eg har ikkje fått den endelege legerapporten, seier Christensen. Stikkvåpenet var ein kjøkkenkniv.
Politiet fekk melding om knivstikking i eit husvære i Sogndal klokka fire natt til måndag.
– Me var i ferd med avslutta patruljen etter ei natt der det hadde vore mykje folk ute uten noko form for bråk. I husværet var der samla sju personar til eit nachspiel, og me fekk god oversikt over kva som hadde skjedd. Ei kvinne i 30-åra vart pågripen og sikta. Personen som var skadd vart frakta med ambulanse til lege.
Christensen seier politiet har tatt hand om kniven som var brukt og ser alvorleg på hendinga. Christensen vil ikkje opplysa kva forhold det var mellom dei to involverte, men kallar det som skjedde for ein tragedie.
– Me vil sjølvsagt ta avhøyr av den sikta kvinna og dei andre som var til stades på festen, seier Einar Christensen.
Nye kommentarar