ÅRDAL: Indre Sogn tingrett har avvist kravet frå ei mor i Årdal om å stogga prosessen med å plassera barnet hennar i fosterheim. Retten har avvist kravet på formelt grunnlag.
| Jan Egil Fimreite jan.egil.fimreitesognavis.no | |
| Publisert 11.11.2004 kl 00:00 Oppdatert 12.11.2004 kl 16:41 |
Det er bestemora som har hatt den daglege omsorga og fungert som fosterheim for det tre år gamle barnet, etter ein friviljug avtale mellom mora og barnevernet i Årdal kommune i juni i fjor. Men barnevernet i Årdal bestemte tidlegare i år at barnet skulle plasserast i ny fosterheim. Dette vedtaket er seinare stadfesta av fylkesnemnda for sosiale saker. Dette vedtaket er anka inn for tingretten, som altså avviste kravet om å stogga prosessen med flytting til ny fosterheim.
Bestemora sin advokat, Harald Hjermann, seier til Sogn Avis at det kan sjå ut som om tingretten ikkje kunne ta standpunkt til realitetane i kravet.
– Dette er me ikkje samde i, seier Hjermann.
Hjermann var i går i møte med mora sin advokat for å drøfta kva dei skulle gjera vidare i saka. Han seier dei truleg vil anka avgjerda inn for lagmannsretten, eller påklaga barneverntenesta si behandling inn att til ny behandling i fylkesnemnda for sosiale saker.
– Noko meir konkret kan eg ikkje seia om saka no. Men det som ligg i botnen her, er at barnet har det veldig bra hos bestemora i Årdal. Me ser det og slik at mora vil få tilbake omsorgsevna etter kvart som ho får behandling for sine rusproblem.
Hjermann legg til at alle er inneforstått med at mora ikkje har denne omsorgsevna i dag.
– Men det vil ho få i overskueleg framtid. Ho har no teke tak i eigne problem på ein seriøs måte. Me meiner og at så lenge mora ikkje har den naudsynte omsorgsevna, så har barnet det godt hos bestemora i Årdal. Det er ingen grunn til å plassera barnet til eit langvarig opphald i fosterheim når mora vil vera i stand til å ta omsorga for barnet sjølv på noko sikt.
Sjølv om saka har hamna i tingretten, skal prosessen med overflytting av barnet til ein ny fosterheim skje innan ein viss frist. Det er kravet om å stogga denne prosessen som tingretten no har avvist. Hjermann seier dei vil ta standpunkt til kva dei skal gjera vidare relativt raskt.
– Det må me gjera. Men slik det ser ut no, er det grunn til å tru at me må akseptera ei flytting med det aller fyrste. Det er dette me ikkje ser nokon grunn til, sidan barnet har det godt i dag. Han har stort sett budd hjå bestemora heilt sidan han vart fødd, slik at han er veldig godt etablert der.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar