Går til sak mot Årdal kommune

Årdal: Mora og bestemora til barnet som barnevernet vil ha plassert i fosterheim mot mor og bestemor si vilje, går no til rettssak mot Årdal kommune med «Aksjonsgruppa for barn sin rett til samvere med foreldre og besteforeldre» i ryggen.

Publisert 19.10.2004 kl 23:00 Oppdatert 20.10.2004 kl 13:59

Tips ein venn på e-post:


– Eg trur mora og bestemora har veldig stor sjanse til å vinna fram, seier leiar for aksjonsgruppa, Borghild Berning, til Sogn Avis. For det fyrste kan dei vinna fram gjennom lovverket, og for det andre har barnet budd hos bestemora i lengre tid med barnevernet sitt samtykkje. Difor meiner eg mora og bestemora har store sjansar til å vinna fram i ei slik sak.

Fosterheim

Som Sogn Avis skreiv laurdag, har bestemora fungert som fosterheim for barnebarnet sidan juni i fjor. Men ho har i praksis hatt ansvaret for omsorga i store delar av treåringen sitt liv. No har barnevernsnemnda bestemt at barnet skal inn i ein annan fosterheim, eit vedtak som vart stadfesta av fylkesnemnda for sosiale saker. Saka er anka inn for tingretten, men kjem truleg ikkje opp der før etter jul.

Naboar i området har reagert kraftig på avgjerda til barnevernsnemnda, og no har fleire engasjert seg i kampen for at bestemora framleis skal fungera som fosterheim for barnebarnet sitt. Oddrun Marie Dyrdal har fått engasjert privatetterforskar Walter Andersen, som skal setja seg inn i bakgrunnen for saka.

– Me vil ha fram at det her har skjedd eit overgrep, seier Dyrdal til Sogn Avis. Me vonar og at årdalssamfunnet no kan slå ring rundt dette barnet, slik at me får stogga denne prosessen.

Det er og starta ei kronerulling i Årdal som skal dekka dei utgiftene som måtte koma i samband med saka.

Høgsterettsadvokat Odd Rune Tostrup ved advokatfirmaet Tostrup, Lerum og Grønsfjeld i Stavanger stadfestar at kontoret hans har fått førespurnad om å ta denne saka.

– Me har sagt at me vil sjå på saka, seier Tostrup. Reint generelt vil eg seia at barnevernet i alt for liten grad brukar nær familie som fosterfamilie. Det kan jamvel strida mot den europeiske menneskerettskonvensjonen å unnlata å bruka familie i større utstrekning enn det som blir gjort i dag. Ein måte å betra dette på er å bruka nær familie som fosterfamilie.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.