Naboprotest i barnevernsak

ÅRDAL: Naboar i Øvre Årdal reagerer sterkt på at barnevernet har fråteke Målfrid retten til å vera fosterheim for barnebarnet. Barnevernet meiner Målfrid ikkje har dei naudsynte kvalitetane for å ivareta omsorgs- og utviklingsbehovet til barnebarnet.

Siste nytt frå sporten

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 13 Vikafjellet
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 20 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Rv 15 Måløy - Nordfjordeid, ved Haugland
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
Jan Egil Fimreite jan.egil.fimreitesognavis.no
Publisert 15.10.2004 kl 23:00 Oppdatert 16.10.2004 kl 12:53

Tips ein venn på e-post:

Vedtaket er seinare stadfesta av fylkesnemnda for sosiale saker.

Mor til barnet slit med rusproblem, og ventar no på plass på Ullevål sjukehus, på Ullevålakutten for friviljug behandling.

– Får vona barnevernet gjer om vedtaket, seier ein av naboane til Sogn Avis.

Det er vanskelege saker dette?

– Ja, men barnevernet treng ikkje gjera dei vanskelegare enn dei er. Målfrid er fullt ut i stand til å ta vare på barnet, det ser me godt me som bur her. Han trivst og har det godt hjå bestemora. Det er forresten rart at barnevernet ikkje har kontakta oss naboar. Me skulle vera dei fyrste til å sjå om noko er gale. Og kvifor har bestemora i praksis fått ha barnet heilt sidan han var fødd. Når ho har vore god nok i tre år, kvifor skal ho ikkje vera god nok vidare?

Rusproblem

Bornet vart friviljug plassert hos bestemor Målfrid i juni i fjor. Då var barnet knappe to år gamal. Dette var etter avtale med barnevernet, blant anna på grunn av mora sine rusproblem. Mora fekk sin fyrste kontakt med hasj i 12–13 års alderen, men hadde ikkje større rusproblem i fyrste del av tenåra. På det tidspunktet vart og tilhøvet mellom mor og bestemor dårleg og prega av konfliktar. Målfrid har vore åleine om omsorga heile vegen. Tidleg i ungdomsskulen kom mora for fyrste gong i kontakt med barnevernet, Ho vart plassert på Bregnetun ungdomsheim i Førde i mars 1998, 16 år gamal. Ho vart seinare tvangsplassert i Ungplan i Bergen, sommaren 2000. Etter ei tid flytta ho heim til Målfrid og 19 år gamal fekk ho sonen. Då gjekk det greitt i eitt års tid, men problema starta att då mora flytta inn i eige husvære på Årdalstangen.

– Då byrja gamle «vener» å koma på besøk og ho flytta opp att her i januar 2003, seier Målfrid, som hadde hatt ansvaret for barnet sidan mora flytta på Årdalstangen.

Då mora reiste til Oslo i fjor sommar, vart barnet plassert hjå Målfrid med mora og barnevernet sitt samtykkje. Mora sin kjæraste døydde i desember i fjor, og ho flytta då heim att til Årdal. Men like etter reiste ho på ny tilbake til Oslo.

– Eg makta ikkje å bearbeida denne sorga, difor gjekk det på trynet att nesten med ein gong, seier mora sjølv til Sogn Avis.

Har anka

Etter vedtaket i fylkesnemnda, har Målfrid anka saka inn for tingretten. Men prosessen med å skaffa ny fosterheim til barnet er alt i gang. I går var nye fosterforeldre i Årdal for å helsa på guten.

– Eg må seia at eg er veldig fortvila over heile situasjonen, seier Målfrid. Tilliten til barnevernet er vekke, men det tyder ikkje at eg ikkje vil samarbeida med dei. Eg skjønar at barnevernet i denne perioden vil ta omsorga vekk frå mora, men eg føler meg absolutt skikka til å ta vare på barnet. Eg får og godt skotsmål både frå tilsynsførar og barnehage. Målfrid ber om at ein annan instans enn barnevernet må gjera ei ny vurdering. Det er difor ho har anka denne saka inn for tingretten.

– Eg har ikkje tillit til at barnevernet gjer ei nøytral vurdering. Fyrst seier dei at dei vil ta frå meg barnet, og så skal dei gjera ei vurdering. av meg som fosterheim. Det meiner eg er feil, seier Målfrid, som opplever støtta frå nabolaget som varmande.

– Eg har mange gode naboar, det er godt å ha i ein slik situasjon.

...

Kortare periode med rypejakt

Nyhende Det kan gå mot ein mager sesong for småviltjegerane på Vikafjellet. Les meir

...

Sommarpatrulje-finalen avlyst

Nyhende Av ulike årsaker har me valt å avlysa finalen for Sommarpatruljen til Sogn Avis. Me vil likevel plukke ut vinnarar av SognaQuiz og SognaTriks. Les meir

Dronninga planta plommetre

Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete

...

Vil framleis ha Hovland

Sport Molde har ikkje tenkt å gje opp å skaffa seg Even Hovland. Les meir

...

Innspurt for sommarfoto

Nyhende Har du fine sommarbilete og vil vera med i konkurransen om kurs frå Sogn Avis? Les meir

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.