SOGNDAL: Det var den 32 år gamle Bjarne Skollerud Henden som døydde etter å ha blitt knivstukken søndag kveld. – Bror til avdøydde har vedgått å ha brukt kniv, seier lensmann Olav Borlaug.
Lensmannskontoret i Sogndal ventar på no hjelp frå Kripos til å gjera dei tekniske granskingane på åstaden. Drapet skjedde i ein bustad like i nærleiken av Fosshaugane og Sogndal idrettshall.
– Me vel å nytta Kripos sin kompetanse til ei slik gransking, for å sikra tekniske spor som kan gje ei avklaring på korleis drapet har skjedd, seier Borlaug og kallar drapet i Sogndal ein familietragedie. Politiet vil ikkje gje fleire detaljar utover at det vart nytta kniv som drapsvåpen.
Den sikta i saka sit i forvaring i Sogndal, og det vil i løpet av dagen bli teke avgjerd om broren til avdøydde skal framstillast for varetektsfengsling.
Nye kommentarar