LIGTVOR: Å kryssa dei fem kilometrane frå Vangsnes til Målsnes skulle bli Lewis Gordon Pugh sitt suraste nederleg så langt. Knappe 1000 meter aust for målet la den illgjetne fjordstraumen symjaren i eit jarngrep.
| Publisert 06.08.2004 kl 23:00 Oppdatert 06.08.2004 kl 16:49 |
– Eg hadde ingen sjanse til å stå mot dei kreftene, seier Lewis, og fortel om korleis han vart blæsen mange kilometer ut av kurs og vaska opp på land ved Ligtvor, vest for Vik.
Med James Mayhew i kajakken la Lewis ut frå Vangsnes i 06.30-tida torsdag.
Kryssinga frå sør- til nordsida skulle bli ei påminning om at dette fjordstykket truleg er det mest uregjerlege av alle.
– Kva skjedde?
– Eg møtte kort og godt veggen, i form av ei stri elv, så og seia, det skjedde nært opp til land, eg kunne sjå hus og lys på Målsnes, men kom ikkje ein meter nærare, seier Lewis, og trur han vart offer for den illgjetne fjordstraumen frå Fjærlandsfjorden.
Dagen før hadde han blitt åtvara av styrmann Martin Svendsbø på «Sunnfjord». Ferjefolket i dette avsnittet er godt kjende med det sterke draget sørover frå Hella.
– Det han sa stemmer bra, seier Lewis, som på ein kort augneblink gjekk frå nitten til fjorten grader i vatnet. Men Lewis fekk også ein kraftig vind over seg, og endeleg var nok heller ikkje tidevatnet på hans side.
– Eg har aldri før blitt råka av ein så kraftig straum, seier han, og let oss skjøna at dette var skjelsetjande timar for såvel symjar som kajakkpadlar.
Dei måtte kapitulera for det kalde vatnet frå Fjærland. Til alt hell vart dei ikkje førde i ring, men kunne ta seg inn ved Ligtvor, som er meir enn ti kilometer frå Vangsnes, men fem kilometer ute av kurs.
Ei kort stund før den lunefulle fjorden sende dei to sørover, hadde ein kraftig vind kome over dei, og nesten medført at James havarerte.
– Han fall ikkje ut av kajakken, heldigvis, det hadde kome til å blitt svært kritisk, seier Lewis, som klarte å vippa både mann og kajakk i balanse att ved å leggja kroppsvekta si på kajakksida.
På toppen av alt rauk dei to opp for drikke. Han hadde drukke opp alle dei åtte flaskene med væske, det vart kun tre sukkerbitar att, som Lewis hadde teke frå frukostbordet på Kvikne’s.
Det var ein stor tabbe og gå tom for den viktige drikka.
– Noko slikt må aldri få skje igjen, seier Lewis.
Dei to vende attende til Balestrand torsdagen, for å leggja nye planar for framdrifta.
Utpå kvelden var dei atter klare for å kryssa fjorden. Dei vart henta på Vangsnes av Oddvar Grønsberg, bonden på Ligtvor, og hjelpt til rette med varm hytte og gode råd.
I 03-tida på natta steig Lewis Gordon Pugh ut i vatnet frå Ligtvor, la på sym mot nordsida, og nådde fram til Lindane halvannan time seinare.
– Eg sette alle klutar til, det gjekk som ein draum, seier Lewis, lukkeleg for å vera over att på «rette» side.
I går planla Lewis Gordon Pugh ei ny natteøkt.
– Heretter sym eg i takt med tidevatnet, seier han, og legg opp til to-tre timar framdrift med flod eller fjøre som utgangspunkt, med andre ord ei symjetakt basert på kvar tolvte time.
Gårsdagen var nummer tolv og symjaren frå London har bak seg 125 kilometer.
– Neste gong eg kryssar fjorden blir det ved munninga, seier Lewis Gordon Pugh, og ser fram til møtet med Eivindvik.
Nyhende Dronninga vitja torsdag Ornes der ho mellom anna deltok i gudsteneste i stavkyrkja og planta pommetre. Les meir og sjå bilete
Nye kommentarar