Leikanger hylla symjehelten

LEIKANGER: Snart er han heile fjordens store helt. Måndag crawla han inn til Hermansverk, ledsaga av småbåtar og symjande ungdomar. Ved 14-tida i dag har Lewis Gordon Pugh erobra halve Sognefjorden.

Publisert 03.08.2004 kl 23:00 Oppdatert 04.08.2004 kl 09:45

Tips ein venn på e-post:


– Ei fantastisk mottaking, seier symjehelten, etter å ha blitt helsa på bryggja av ordførar Olav Lunden.

– Her i Leikanger tek me godt i mot folk også om dei kjem litt utradisjonelt, seier ordføraren, og overrekkjer kommunevåpnet til gjesten frå fjorden.

Flagget til topps

Klokka 18.20 bykste Lewis Gordon Pugh opp på flytebryggja ved Sognefjord Hotell.

Dei siste to kilometrane inn hadde han selskap med små og litt større båtar.

I Leikanger og på Slinde hadde båtfolket mobilisert fartya sine. Frå landsida hadde bodskapen om Lewis Gordon Pugh sin ankomst til Hermansverk nådd dei fleste. Under Fjedli var minst tre flagg komne opp for høvet.

Ei stor bragd

Mange er imponerte over engelskmannen sin fysiske prestasjon. Men mange ser også kva Lewis Gordon Pugh gjer for fjorden.

Storsymjaren medverkar betre enn nokon til å setja verdas mest spektakulære fjordsystem på kartet. Etter Leikanger er det kun eit spørsmål om dagar før media er over Lewis og fjorden for fullt.

– Ei stor tid for fjorden, seier dei som fortstår seg på slikt.

Ordføraren er ikkje i tvil om at gjesten hans er i ferd med å utføra ei bragd.

– Denne mannen presterer på eit nivå som fortener internasjonalt fokus, seier Olav Lunden.

200 Pugh-fans

Han ser det som viktig at det frå bygdene langs fjorden blir signalisert deltaking og innleving når fjorden blir arena for slik idrett.

I Leikanger hadde mange skjønt nett det. 200 elleville Pugh-fans møtte opp på Nokkaneset måndag ettermiddag.

Same dagen hadde 34-årigen sumt frå Haugaviki, åtte kilometer lenger aust i fjorden. Vel oppe på hotellbryggja vart londonadvokaten omringa av yre bygdafolk.

Holmen ventar

Etter at han dukka ut or den lange «skuggen» under Kaupangerhalvøya, har symjaren blitt synleg att, og resultatet let ikkje venta på seg.

Han såg tidleg at det var folksamt på landsida.

– Eg såg stadig større grupper av menneske etter vegen mellom Fatla og Hermansverk, seier han, og kjende feststemninga for alvor då han fekk auga på folkehopen i hotellhagen.

Men Lewis Gordon Pugh må fokusera på framdrifta. Han var i gang att frå Hermansverk på føremiddagen i går. Han er ikkje halvvegs før han set beina under seg i Holmen, Balestrand er klar til å ta imot Londonekspressen i 14-tida i dag.


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.