SOGNDAL:Ein 34 år gammal indresogning er dømd til fengsel i eitt år for til dels grov familievald. Mannen har førebels ikkje innsett alvoret i det han har gjort, seier Indre Sogn tingrett.
Mannen vart dømd for tre tilfelle av vald mot sambuaren sin ved tre forskjellige høve. Valden var til dels grov - mellom anna er han dømd for å ha slege hovudet hennar i bakken fleire gonger, for å ha teke strupetak på ho og rive ho overende etter håret.
I tillegg vart mannen dømd for å ha trua med å drepa sambuaren. Truslane vart sette fram under eit møte med representantar for barnevernstenesta i heimkommunen. Han vart også dømd for å ha brote eit forbod mot å kontakta sambuaren som retten hadde gitt han.
I tillegg vart mannen dømd for å ha losna eit skarpt skot med hagle i huset der han budde. Haglladninga gjekk gjennom golvet i huset der det var tre andre personar til stades. Mannen forklarte skotet med at det skal ha vore eit sjølvmordsforsøk.
I retten framstilte den tiltalte mannen seg som offeret i saka, og sette fram påstandar om den tidlegare sambuaren som retten seier opplagt ikkje stemmer. I staden seier tingsretten at rettssaka etterlet eit innrykk av tiltalte som ein person som det er vanskeleg å festa lit til, som har stort kontrollbehov, bråsinne og låg forståing for andre sine lidingar.
Om offeret i saka, mannen sin ex-sambuar, seier retten følgjande:
«Forklaringa hennar.....fortel om ei kvinne som over tid har levt i eit trusselregime. Ho er klart prega av å ha levd med frykt og angst i fleire år. Som typisk er for kvinner som har vore utsett for denne typen handsaming, gjekk ho lenge åleine og bar på det traumatiske ho har opplevd».
I dommen seier retten at tiltalte ikkje viste teikn til anger eller skuldkjensle i retten. Tvert om - retten seier han såg seg sjølv som eit offer, men lite tyder på at tiltalte førebels har innsett alvoret i eigne hendingar, heiter det i dommen.
Aktor, politiadvokat Terje Gjertsen, la ned påstand om fengsel i eitt år i saka, og dette slutta Indre Sogn tingrett seg til. I tillegg må mannen også betala 50 000 kroner i oppreising til den tidlegare sambuaren, og må i tillegg betala 3000 kroner i sakskostnader.
Nye kommentarar