...
SAMLAR TROPPANE: Påtroppande trenar Harald Aabrekk vil lytta til avtroppande Karl Oskar Emberland om framtidsplanane og spelarane. Foto: Arkiv

– Det vert raskt historie

Aabrekk legg ikkje skjul på at eliteserien hadde vore best, men kjem raskt over nedturen.

Hanne Stedje E-post
Publisert 09.11.2009 kl 12:45 Oppdatert 09.11.2009 kl 12:46

Tips ein venn på e-post:


– Det utgjer eigentleg ikkje nokon skilnad for mitt vedkommande om det er 1. divisjon eller eliteserie. Jobben er den same, seier påtroppande sogndaltrenar Harald Aabrekk.

Han ser fram til å gå i gang med trenarjobben og har ikkje tenkt å hoppa ut i noko heilt nytt.

– Me skal vidareutvikla det som Sogndal har jobba jamnt og trutt med fram til no. Klart det hadde vore kjekkare med eliteserien, det skal eg ikkje leggja skjul på, men det greidde ein ikkje denne gongen. Det blir i grunnen fort historie, det er berre å ta fatt på nytt, og seia at det er det som skjer vidare som avgjer om me er gode nok, seier Aabrekk.

Respektabelt

– Føler du presset no, når du tek over eit lag som har vore særs nær opprykk to sesongar på rad?

– Nei, til det har eg halde på altfor lenge med dette her. Eg ser ein fjerdeplass i år som resulterer i kvalik – og kvaliken i fjor – som ein ganske respektabel prestasjon. Men me ynskjer å vera med i toppen og i det ypparste selskapet, og me har sett at over tid kan Sogndal greia det, seier han.

Satsar lokalt

Sjølv om har formelt overtek frå nyttår, byrjar det alt no ein prosess som skal føra fram til at alle brikkene i Sogndal Fotball anno 2010 skal falla på plass. Framtida til einskildspelarar er ikkje eit tema han diskuterer med pressa på dette tidspunktet.

– Det er mitt utgangspunkt at me skal ha ei verdiskaping i Sogndal som går ut på å utvikla eigne spelarar. Det er det som er grunnsteinen i klubben, og det er klart i tråd med min filosofi. Dei beste spelarane skal me utvikla sjølve, slår Aabrekk fast.

Han seier vidare at arbeidet med spelarstallen framover er ein prosess det samla trenarteamet vil vurdera i fellesskap, og så blir det opp til Trond å lytta til dei innspela teamet måtte ha.

Teamet består i skrivande stund av avtroppande trenar Karl Oskar Emberland og assistent Ole Hjelmhaug, som ikkje får lenga kontrakten sin etter nyttår. I staden skal det etter omrokkeringar vera klart at Trond Fylling, nytilsett administrativ leiar og Torbjørn Glomnes skal fungera som hjelpetrenarar.

Mest lese no

...

Gunn Marit til topps

Nyhende Vann MGP lokal i Florø i kveld. Les meir

...

Køyrde utan lys

Nyhende Frå Hemsedal til Lærdal. Les meir

...

Pass opp for desse

Nyhende Fleire hjortar påkøyrde i går kveld og i natt. Les meir

...

Åtvarar mot svindel

Nyhende Aud G. Lægreid frå Årdalstangen vart forsøkt SMS-svindla. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.