Kongsvinger vann 3 - 1 over Sogndal i kvalifiseringskampen på Gjemselund i kveld.
93. SLUTT 3 - 1: Sogndal blir verande i 1. divisjon. Det er klart etter at laget tapte 3 - 1 for Kongsvinger i kvalifiseringskampen i kveld. Kongsvinger leia 2 - 1 til pause etter at Ulrik Flo reduserte rett før domaren bles av dei første 45. Etter pause kom Sogndal sterkare, men klarte ikkje å overlista KIL-målvakta. Tidlegare Sogndal-spelar Kai Risholt avgjorde kampen med ei scoring to minuttar før full tid.
93. Furebotn skot hardt, over.
91. KJEMPESJANSE KIL: Kai Risholt åleine med Piotr. Ballen stryk stanfga på utsida.
90. Det er lagt til tre minuttar.
GULT KORT SOGNDAL: Daniel Lubieniecki.
88. MÅL KIL. 3 - 1. Kai Risholt. Set ballen mellom beina på Piotr.
87. Sogndal med sjanse. KIL får avklart.
87. Stor KIL-sjanse. Tuelo Johanness treff ein SIL-forsvarar.
86. Solheim vinn innkast. Nytt innkast. Sogndal byggjer opp bakfrå. KIL bryt.
84. BYTTE KONGSVINGER: Olav Tuelo Johannessen inn for Magnus Sylling Olsen.
83. Sogndal trykkjer på. Vinn frispark på midten. Furebotn fri på sida, men innlegget har feil adresse.
82. Elvis uheldig med mottaket. KIL får innkast.
81. Frispark Sogndal. Furebotn lagt i bakken. Lars Grorud pådreg seg frispark inne i feltet.
80. KJEMPESJANSE SOGNDAL: Sogndal med fleire innlegg. Elvis finn Dale som ikkje får treff.
79. BYTTE SOGNDAL: Kenneth Kvalheim inn for Harald Stormoen.
78. Corner Kongsvinger. Kort variant. Løfta inn. Piotr boksar. Avklart.
77. GULT KORT SOGNDAL: Henrik Furebotn.
76. Sogndal får nikka mot mål. Redda på streken.
76. Dale legg inn. KIL klarer til corner. Per Egil Flo.
75. Sogndal trykker. Prøver å finna Dale og Solheim med lange innlegg. Ulrik Flo avblåst for armbruk.
74. BYTTE KIL: Steinar Strømsnes inn for Edier Freij.
73. Flo prøver seg rundt 16. Blir ingen tiing.
72. KIL farleg frampå. Piotr misser ballen, men får frispark.
71. Mats Solheim prøver seg med skot. Utanfor.
68. Frispark KIL: Elvis feller Sylling Olsen på 25 meter. Torp skyt, utanfor etter eit raskt tatt frispark.
67. Sogndal prøver seg. Henrik Furebotn avblås for offside.
66. Etter ein god Sogndal-periode har heimelaget kome strekare.
65. Ny sjanse for Kai Risholt. Corner. Sogndal får ballen unna.
65. Brenes blir avblåst for hands. Er ikkje samd, men Roy Helge Olsen hadde nok rett her.
64. To frisparkforsøk for KIL, men Sogndal avklarer.
62. Solheim nikkar like over. Kunne utlikna med første berøring på ballen.
62. BYTTE SOGNDAL: Mats Solheim inn for John Midttun Lie.
61. Fine Sogndal-kombinasjonar. Midttun Lie avsluttar svakt.
59. Per Egil Flo sin corner går over alle. Utspark.
59. Corner Sogndal. Sogndal har løfta seg no.
57. Frispark Sogndal. Ulrik Flo lagt i bakken. Avklart til innkast. Sogndal kjem igjen. Dale vinn innkast.
56. Sogndal kjem på kanten med Elvis. Slår til Ulrik Flo som missar med pasningen.
55. Henrik Furebotn kjem seg rundt på sida. Innlegget går bak mål.
54. Harald Stormoen taklar hardt. Slepp det gule.
54. kai Risholt snur seg inne i feltet. Skyt utanfor.
53. Ein ball for mykje på bana. Dropp.
52. Furebotn og Dale kombinerer fint i feltet, men den siste pasninga blir for svak. Avklaring.
51. Sogndal kjem på sida. Elvis fri, legg inn, men KIL får beina ballen vekk.
50. Kast Sogndal. Blir teke feil av Per Egil.
50. Frispark KIL. På midten. Sogndal avklarer.
49. Magnus Sylling Olsen skyt himmelhøgt over.
48. Midttun Lie pådreg seg frispark. Lettkjøpt.
46. Frispark Sogndal. Henrik slår inn. KIL avklarer. Sogndal set press på Kongsvinger i starten av andre omgang. Har skapte fleire sjansar, men ikkje fått utteljing i skoringar.
46. Sogndal prøver å nå Midttun Lie. Kast.
Andre omgang er i gang. Ingen endringar på nokon av laga.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Pause. 2 - 1: Kongsvinger leiar fortent 2 - 1 etter 45 minuttar. Sogndal har til tider vore litt rufsete bakover på bana og ikkje klart å skapa nok framover. Kom sterkare mot slutten av omgangen og fekk ein svært viktig redusering rett før pause ved Ulrik Flo som har vist solide takter dei første 45.
45. MÅL SOGNDAL: 2 - 1 Ulrik Flo. Tre gedigne sjansar. Ulrik tek vare på den siste. Plasserer ballen med breisida ved stolperota. Viktig redusering for Sogndal.
44. Det er lagt til minst eitt minutt.
43. KIL-sjanse. Karl Erik Torp kjem fri på kanten, men misser i avslutninga.
42. Sogndal prøver seg. Ut mot Midttun Lie som misser ballen ut over sidelinja.
40. Rishol slit seg laus i feltet og skyt. Piotr reddar enkelt.
38: GULT KORT SOGNDAL: Even Hovland. Frispark frå 20 meter. Sogndal avklarer.
37. Fin sjanse for Sogndal. Furebotn fro på kanten. Inn til dale som får nikka, men rett på Månsson.
35. Ny stor sjanse for KIL. Kai Risholt set det perfekte inlegget frå Brenes like utanfor.
32. MÅL KIL. 2-0. Magnus Sylling Olsen. Innlegg frå Brenes. Ny markeringssvikt i SIL-forsvaret. Elvis følgjer ikkje Sylling Olsen.
31. Elvis blir spelt fri på kanten. Sleivar innlegget tilside og bak mål.
29. Sogndal set meir trykk på heimelaget. Vinn corner. Kjempesjanse til Lubieniecki. Tarje Dale får returen, men set den over.
28. Sogndal kombinerer fint, men vil ikkje avslutta med skot. Prøver å tre seg heilt gjennom og blir stoppa.
26. Henrik Furebotn rasar mot linjemannen etter å ha blitt frådømt eit kast. Slepp tilsnakk og kort.
25. Ulrik Flo vinn nok ein ball på midten. Sogndal kjem på sida. Innkast. Blir avklart.
22. MÅL KIL: 1 - 0. Randall Brenes. Set ballen heilt nede ved stolperota. Piotr er sjanselaus.
21: Frispark KIL. Farleg rett utanfor 16-meteren. Litt klønete inngripen av Harald Stormoen.
19. Stor jubel då meldinga om at Sarpsborg 08 har teke leiinga i Fredrikstad kom over høgtalaranlegget.
18. KIL får gå lett mot 16. Skotet går rett på keeper Leiciejewski.
16. Fine KIL-kombinasjonar endar hjå Brenes. Pioter plukkar lett innlegget. Konsgvinger fører kampen no.
15: Ulrik Flo med fine deltaljar utan for seksten, før han misser ballen.
13. DOBBELTSJANSE til Kongsvinger og Kai Risholt. Bankar andre forsøket like utanfor. Her var KIL nær leiing.
10. Fin jobb av Ulrik Flo på kanten, men innlegget er utan adresse. Går bak mål.
09: Lubieniecki nede for telling. Får ein ball i mellomgolvet og mister pusten. Er oppe att.
08. Sogndal med fint angrep. Ballen blir tredd gjennom til Midttun Lie som er i offside.
06. Stor KIL-sjanse. Magnus Sylling Olsen nikkar umerkert rett utanfor. Kampens første store sjanse til Kongsvinger.
04. Midttun Lie prøver seg frå kanten. Skotet på utsida av stolpen.
03. Corner Kongsvinger. Blir avklart.
02. Sogndal bryt fint og Henrik prøver å tre gjennom dale. Mislykkast.
01. KIL med første forsøket etter frispark, men lett match for Piotr.
00. Kampen er i gang.
Sogndal har brukt veka godt og er klare til å gje jarnet for å kapra den siste eliteserieplassen. Første hinderet er Kongsvinger på Gjemselund i kveld.
Sogndal stiller med følgjande lag frå start: Piotr Leciejewski, Elvis, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo, Daniel Lubieniecki, Harald Stormoen, Ulrik Flo, John Midttun Lie, Henrik Furebotn, Tarjei Dale.
Du kan følgja liveoppdatering av kampen her på sognavis.no.
Endrar taktikk
– Me har budd oss så godt som me kan. No er det vinn eller forsvinn. No må me visa oss verdige til å få spela i eliteserien, seier assistenttrenar Ole Hjelmhaug.
Mot Hønefoss la Sogndal seg bakpå, tetta godt att i forsvar, men hadde lite å by på framover, før det siste kvarteret. På Gjemselund vil laget stå fram på ein annan måte.
– Me kjem nok til å spela litt annleis i dag, noko som også har med måten motstandaren spelar å gjera. Denne kampen må me vinna for å vera med vidare, og me kjem nok til å køyra endå hardare framover på bana, seier Hjelmhaug.
Endringar
Også i startoppstillinga ligg den an til endringar frå Hønefoss-kampen. Ifølgje Hjelmhaug ligg det i korta at Henrik Furebotn, som var eit friskt pust og eit uromoment for forsvaret etter innhoppet på søndag, får tillit frå start mot Kongsvinger.
Når det gjeld andre eventuelle endringar held han korta tettare til brystet.