Landsskyttarstemnet 09

...
SAMLAGET: Frå venstre Ole Bjarne Hovland, Vegard Solhaug, Tone Anette Espe og Per Ove Fossheim skaut finalen i samlagskytinga i dag. Foto: Jørn Njøs

Opna godt i finalen

Sogn Indre skyttarsamlag enda til slutt på 31. plass, trass i at dei opna sterkt i finalen.

Birthe Johanne F. Finstad E-post
Publisert 07.08.2009 kl 13:05 Oppdatert 07.08.2009 kl 15:10

Tips ein venn på e-post:


Det har vore finale i samlagsskytinga under Landsskyttarstemnet på Evje i dag, og Sogn Indre skyttarsamlag vart til slutt nummer 31 av 43 lag som deltok.

Etter to etappar låg indresogningane på 4. plass, etter at Per Ove Fossheim hadde skote 97 poeng og Tone Anette Espe 96 poeng.

TV–sendt

Deretter skaut Ole Bjarne Hovland 94 poeng, noko som gjorde at laget var på ein åttandeplass før siste og avgjerande etappe. Denne var det ungguten Vegard Solhaug som skulle skyta, og det enda med 91 poeng for 19-åringen.

– Det var ingen dårleg serie, men han hadde problem med innskytinga slik at heile serien vart for høg, seier Ole Bjarne Hovland.

Dei åtte beste laga før siste skyting blir filma av NRK, og det gjorde at det var eit ekstra stort press på Solhaug.

– Han er ein skikkeleg tøff og ville ha denne etappen, nettopp fordi han ville ha så mykje trøkk på seg, fortel Hovland.

Mot dei beste

Alt i alt er han godt nøgd med prestasjonen til laget, sjølv om dei etterkvart hamna eit godt stykke ned på resultatlista. Dei beste skyttarane i landet deltek i denne disiplinen.

– Det blei litt lite poeng på slutten, men me fekk ei god oppleving likevel. Me har ingen meritterte skyttarar, og då tykkjer eg dette var ein bra prestasjon, slår Hovland fast.

Då konkurransen var slutt stod indresogningane med 378 poeng og tolv innarar.

Sunnfjord skyttarsamlag vart nummer 24 i konkurransen, Nordfjord skyttarsamlag kom på 17. plass, og Sogn Ytre enda på ein 41. plass.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Prøver seg i VIF

Sport Sogndal-spelar tek på seg blå drakt i kamp mot FC København. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.