Finaleresultat for indresogningane torsdag.
Finaleskytinga er godt i gang under årets Landsskyttarstemne, og Tone Anette Espe frå Leikanger er blant indresogningane som har gjort det best.
Ho skaut finalen på Prinsesselaget i dag og enda til slutt på plass nummer 20 med 341 poeng og ein innertiar.
Eldre rekrutt
Både Einar Bolstad frå Hafslo og Stian Andre Fossøy frå Leikanger skaut 100 poeng på omgangen og dermed til 350 poeng i klasse eldre rekrutt.
Dette er nye personlege rekordar for begge to.
Bolstad skaut sju innertiarar og enda på 12. plass, medan Fossøy hadde fire innertiarar og vart med det nummer 24.
Junior
Torsdag føremiddag skaut Kjetil Bøe Bjørgum frå Aurland seg til ein niandeplass i juniorklassen på baneskytinga.
Han skaut fullt hus og 350 poeng, og med fem innertiarar enda aurlandsskyttaren til slutt på ein niandeplass. 61 skyttarar skaut i finalen for juniorar.
Robert Øygarden Bøe frå Farnes blei nummer 56 i same klasse med 346 poeng og fire innertiarar.
200 meter senior
I klasse 3 – 5 har Robert Sandvik frå Knipenborg skote 342 poeng og fire innertiarar (54. plass), Eivind Yttri frå Leikanger skaut 340 poeng og tre innertiarar (137. plass) og Ole Bjarne Hovland frå Knipenborg enda på 339 poeng og fire innertiarar (173. plass).
Marianne Stigen frå Leikanger skaut 338 og to innertiarar (211. plass).
Rekruttane
Tore Stegen frå Aurland, Andreas Oppedal Jacobsen frå Leikanger og Jens Offerdal Lysne frå Tønjum var med på finalelaget for rekruttar i dag.
Stegen skaut 347 og tre innertiarar, noko som heldt til ein 25. plass.
Oppedal Jacobsen kom på 43. plass, med 344 poeng og to innertiarar, og Offerdal Lysne skaut 343 med tre innertiarar og enda på 45. plass.
Veteran
I klasse V65 har Ludvig Indrebø frå Farnes i dag skote seg til ein 15. plass med 349 poeng og seks innertiarar.
Sigurd Hatlenes frå same skyttarlag kom på 37. plass i same klassen. Han skaut 347 poeng og fire innertiarar.