Sogningane set seg framleis i respekt hjå konkurrentane på Landsskyttarstemnet.
Så langt har sogningane vinnarsjansar i alle klassar utanom V73, og sogneskyttarane blir lagt merke til på Evje.
Kjetil Bøe Bjørgum frå Aurland slo til med 250 poeng og 19 innertiarar i klasse junior seint måndag kveld, dette heldt til ein andreplass etter innleiande skyting.
Tretten skyttarar har så langt skote 250 poeng i denne klassa. Også Robert Øygarden Bøe frå Farnes har skote godt i denne klassa, med poengsummen 248 er han på ein 52. plass og inne på topp 100–lista.
God feltskyting
I baneskytinga for klasse V55 er Oddvar Råsberg frå Nesse og Bjarne Sandvik frå Knipenborg dei beste frå vårt distrikt, dei har begge skote 245 poeng og ligg på 13. (Oddvar) og 16. plass (Bjarne).
Klasse 5 gjennomførte feltskytinga si igår. Eivind Yttri frå Leikanger skaut til 30 treff og ligg dermed likt med dei andre i kampen om norgesmeisterskapstittelen i denne klassa.
Robert Sandvik (Knipenborg), Tone Anette Espe (Leikanger) og Lars Gunnar Røneid (Knipenborg) skaut alle til 29 treff og ser ut til å koma med i finaleskytinga på laurdag.
Rask på avtrekkaren
Per Ove Fossheim frå Leikanger ser ut til å koma med i den veldig populære felthurtigfinalen som blir vist på TV på fredag.
Med tida 8,64 er han på ein 12. plass, her er det 16 skyttarar som kjem med i finalen.
Fullt hus
På feltskytinga i klasse V65 er det Magnar Molland frå Sogndal som er den beste frå distriktet, med 29 treff ligg han på ein 61 plass.
Ludvig Indrebø frå Farnes skaut til fullt hus på baneskytinga i klasse V65. Han ligg på ein delt 9. plass i denne klassa. Ludvig som vart intervjua av speaker rett etter skyting uttalte att han ikkje hadde sett på all anvising før han hadde skote ferdig. Han viste dermed ikkje att han hadde 150 poeng på 15-skoten.
– Eg kan ikkje sjå på anvsinga, då blir eg blir nervøs, sa Ludvig til ein overraska speaker.
Indrebø har fleire gonger skote 350 poeng, men klaga litt på att han skaut dårlege omgangar. Me får berre vona att han får til ein god omgang denne gong på finaleskytinga.
Rekruttar
Ivar Molde Jr. frå Tønjum fekk fullt hus 30 treff i rekruttklassen midt på dagen tysdag, og er dermed den beste frå Sogn i denne klassa. Ivar Molde jr. er nr. 7 av 22 skyttarar som har skote fullt hus. Tore Stegen frå Aurland og Andreas Oppedal Jakobsen frå Leikanger har begge skote til 28 treff.
Samlag
På Sogn Indre sitt veteranlag skal fylgjande skyttarar skyta: Magnar Molland. Ludvig Indrebø, Lidvard Øygarden og Bjarne Sandvik.
Fylgjande junior- og rekruttskyttarar i skal representera Sogn Indre: Andreas Oppedal Jakobsen, Vidar Skarsbø Dale, Maria Sæbø Nes og Kjetil Bøe Bjørgum.