Landsskyttarstemnet 09

Imponerer på Evje

Fleire sogneskyttarar klare for finale.

Kai Martin Brekke E-post
Publisert 02.08.2009 kl 12:40 Oppdatert 04.08.2009 kl 08:37

Tips ein venn på e-post:

...
FULLT HUS: Andreas Oppedal Jacobsen i rektuttklassen.

På dei to fyrste dagane av Landsskyttarstemna har sogningane gjort det svært god. I klasse Rekrutt på bane har me to skyttarar som har skote fullt hus, 250 poeng. Når denne klassen har avslutta si skyting er det kun åtte skyttarar på heile landsskyttarstemnet i denne klassen som har gjort det. Andreas Oppedal Jacobsen frå Leikanger ligg på ein sjette plass medan Tore Stegen frå Aurland er nr. åtte. Jens Offerdal Lysne frå Tønjum er nr. førtiseks i samme klasse han fekk poengsummen 247. Alle desse er klare for finale på torsdag. Finalegrensa i denne klassa vart 247 poeng.

Eldre rekrutt

Når klokka hadde passert tre på søndag ettermiddag hadde me fylgjande på topp 100-lista i denne klassen. Vidar Skarsbø Dale frå Leikanger hadde 249. Kristian Elde Walaker frå Leikanger hadde 241 og låg på ein 87 plass. Johannes Holen Bakken frå Sogndal låg på ein 99. plass med 236 poeng. Denne klassen skaut eit godt stykke utover kvelden på søndag, og desse resultata kjem me tilbake med.

Junior

Denne klassen har starta si feltskyting og Maria Sæbø Nes frå Leikanger er førebels den beste med ein sekstande plass med 29 treff og 24 innertreff. Ho er den einaste som i skrivande stund er inne blandt dei 100 beste.

Klasse 1

I denne klassen var beste frå vårt distrikt Hans Jørgen Bjørkum frå Tønjum på ein 27. plass med 243 poeng. Terje Bolstad frå samme klubb skaut til 239 og er på ein 71. plass.

Seniorklassen

Alt no er det klart at det blir sogningar i feltfinalen.. Jørn Njøs frå Leikanger ligg på ein 16. plass med 29 treff på feltrunden, samme resultat har og V55 skyttaren Bjarne Sandvik frå Knipenborg, han er rangert på 21. plass. Oddvar Råsberg frå Nesse har skote til 28. treff og ligg på ein 51 plass. Dette er dei tre skyttarane frå Sogn som er rangert blant dei 100. beste.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Prøver seg i VIF

Sport Sogndal-spelar tek på seg blå drakt i kamp mot FC København. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.