...

2009 er året

Publisert 11.11.2008 kl 13:53 Oppdatert 11.11.2008 kl 14:35

Tips ein venn på e-post:

Men i ly av det som har skjedd i haust er det ikkje umogleg at eit år til i førstedivisjon vil gjera Sogndal veldig godt.
...

av Endre Romøren, sportsjournalist i Sogn Avis

  • Sei di meining i kommentarfeltet under teksten

Kommentar

Om ikkje verdas åttande underverk finn stad på onsdag og Sogndal slår Aalesund med fire mål på bortebane, så spelar laget frå saftbygda i den nest øvste divisjonen også komande sesong. Vonbrotet var stort både hos spelarar, tilskodarar og underteikna etter kampen på laurdag, men set ein ting i perspektiv så ser likevel fotballframtida til Sogndal ganske lys ut.

Opprykk i år hadde sjølvsagt vore å foretrekka. Då kunne me gjennom den mørke vintertida sett fram mot ein sesong der motstandarane hadde heitt Brann, Rosenborg og Stabæk, og ikkje Nybergsund, Mjøndalen og Skeid. Men i ly av det som har skjedd i haust er det ikkje umogleg at eit år til i førstedivisjon vil gjera Sogndal veldig godt.

Laget har levert ein fantastisk haustsesong, den beste på mange år. Hadde dei spelt sånn i vårsesongen er det liten tvil om at direkte opprykk hadde vore sikra for lengst. Sånn vart det ikkje, og 1-4 tapet mot Aalesund viste at laget ikkje er heilt klart for å ta steget opp enno. Ein kan snakka om uflaks og baklengsmål på uheldige tidspunkt, men faktum er at Aalesund var best, dei hadde det vesle ekstra som markerar skiljet mellom eliteserie og førstedivisjon.

Dei oransje hadde nøkkelspelarane Aarøy og Kopteff som gjorde livet surt for Sogndal, medan resten av laget gjorde ein profesjonell jobb og ikkje gav frå seg nokon ting. Sogndal viste teikn på naivitet då dei sende alle mann i angrep etter 1-1 scoringa, og til slutt var det personlege feil som sendte laget ut or opprykkskampen.

Men komande sesong kan dette verta verkeleg bra, og Sogndal skal utan tvil vera favoritt til å rykkja opp saman med HamKam. Nøkkelen til suksess i 2009 er laget sine unge spelarar. Even Hovland har allereie for lengst vist at han held eit høgt nivå. Denne sesongen har Per Egil Flo, Mats Solheim og ikkje minst Henrik Furebotn teke kvantesprang i utviklinga si, og vist seg fram som klassespelarar.

Med eitt år til på baken i førstedivisjon vil desse utvikla seg enda nokre hakk, og då har eg vanskeleg for å sjå kven som skal stoppa Sogndal frå å ta steget opp. I tillegg lurer u-landslagsspelarane Ørjan Hopen og Eivind Daniel Røed i bakhand, som det vert spanande å følgja. Håvard Flo tek steget inn i fotballpensjonistane sine rekkjer etter sesongen, og vert eit stort sakn både på og utanfor bana. Men der er eg sikker på at Tarjei Dale har kvalitet nok til å erstatta super-veteranen.

Karl Oskar Emberland har i haust vist at han er rett mann til å Sogndal eit steg opp. Men kanskje er eitt år til i førstedivisjon sunt for Emberland og. Det han har oppnådd med Sogndal har imponert meg, men nokre gonger set eg spørsmålsteikn ved dei taktiske disposisjonane hans i kamp. På laurdag erstatta han ein svak Espen Olsen med ein like svak Anders Stadheim, utan resultat. Stadheim har ikkje levert varene på lenge, og eg tykkjer at det er merkeleg at ein spelar med så lite løpskraft fekk ein heil omgang mot det beste laget Sogndal har møtt i år. Med eitt år til i trenarstolen kan Emberland luka vekk desse feila.

Men først skal kampen i Aalesund spelast. Lat oss nyta årets siste kamp, og håpa på eit heidarleg resultat, sjølv om draumen om opprykk denne gongen er over.

Så 2009 er året. Vorspielet byrja i haust, neste år kjem festen.

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.