Få trudde Sogndal ville vera der dei er no, etter den miserable vårsesongen der laget berre vann tre av 11 kampar. Etter sommarferien har imidlertid spelarane levert ein haustsesong av godt gamalt merke, der det berre har vorte eit tap på dei 13 siste kampane.
Men etter borteoppgjeret mot Start, der Sogndal til slutt fortente alle tre poenga, stiller eg meg likevel spørsmålet som kanskje vil overraska nokon: Er dagens spelarstall god nok?
Grunnen til at eg undrar meg over dette er enkel. Med skadefritt lag utan suspensjonar, er eg ikkje i tvil om at Sogndal kan utfordra eit eliteserielag over to kampar om retten til spel med dei beste komande sesong. Men med eit par skader vert eg fort meir usikker.
Særskilt i forsvaret skal det lite til før det vert tynt i rekkjene. Forsvarsrekkja med Nadolski-Grorud-Christensen-Flo har klart seg utmerka utan skadde Even Hovland, men når nokre av desse ikkje kan spela får eg rynkar i panna. Lukaz Nadolski er eit levande gult kort, og må stadig stå over kampar grunna suspensjon. Dermed må Mats Solheim ned på backen. Solheim er ein veldig god fotballspelar, men sjølv om han har spelt back då han var yngre er dette langt frå der han høyrer heime på bana.
Mot medium førstedivisjonsmotstand vert ikkje dette så tydelig, men i ein eventuell kvalik mot eit eliteserielag kan det verta utslagsgjevande. Og kva skjer viss det kjem ein skade på ein av dei tre andre i forsvaret? Då må Daniel Lubieniecki brukast, og eg skal ærleg innrømma at eg nesten fekk hjarteproblem kvar gong han vart utfordra då han spelte midtstoppar det siste kvarteret mot Start.
Også framover på bana merkast det godt når nokre av dei faste ikkje er tilgjengelege. Sogndal sitt angrepsspel er basert mykje rundt raske overgangar og kontringar der ballen vert spelt i lengderetning ut på kantane. Med Henrik Furebotn og Mats Solheim ute på sidene kan denne type fotball spelast til perfeksjon, som i angrepsoppvisningane mot Odd, Notodden og Hønefoss tidlegare i haust.
Med Furebotn på skadelista og Solheim på backen forsvinn ein heil dimensjon i laget sitt angrepsspel. Både Kai Risholt og Tarjei Dale er utmerka fotballspelarar og gode erstattarar, men ingen av dei er utprega kantspelarar, noko Sogndal tapar på. Det er heilt tydelig at Furebotn har vore eit sakn dei siste vekene, då angrepsspelet ikkje har vore optimalt verken mot Sarpsborg, Nybergsund og Start.
Så er stallen god nok? Både ja og nei. For å verta fjerde best i førstedivisjon er den god nok. Men for å slå eit eliteserielag, truleg Aalesund eller HamKam, over 2 x 90 minuttar, er meir usikkert. Med fullt mannskap er eg sikker på at laget kunne skapt store problem for begge desse to.
Men skadar og suspensjonar er ein del av fotballkvardagen, og utan x-faktorar som eit fjellstøtt forsvar og driblesterke hurtigtog på kantane er eg dessverre redd for at det ikkje vil strekka heilt til.
Men eg vonar at eg tek feil.