«Sogndal treng støtte for å reisa seg, ikkje berre dritslenging...»

Publisert 27.08.2007 kl 11:28 Oppdatert 27.08.2007 kl 11:41

Tips ein venn på e-post:

...

KOMMENTAR


Det er trist å sjå Sogndal for tida. Sist søndag var til og med alltid optimistiske og angrepsglade Terje Skjeldestad lut i ryggen og oppgitt. Du kunne sjå det på heile kroppsspråket. Den unge SIL-veteranen mistreivst på Fosshaugane.

Slik kan me ikkje ha det. Men etter fem strake tap i 1. divisjon og 0 – null – poeng så langt i haustsesongen er det ikkje rart om mismotet spreier seg. Det har vore nedturar før, men eg kan knapt hugsa nokon som har vore så massiv og så langvarig. Det er meir enn 20 år sidan noko liknande på dette nivået. Bosse Mattssons andre sesong i 1986 var til forveksling lik. Då rasa også Sogndal på tabellen. Elles har det vore plenty med enkeltkatastrofer, 0–9 mot Stabæk er verst.

Men nedturen i moderne cyberspace er annleis. For i cyber space – eller på nettet – kan meir eller mindre oppegåande forstå-seg-påarar, som før berre hadde doveggen å bryta or seg på, haglar det no med kritikk. Noko er heilt på sin plass, sjølvsagt – men mesteparten er hjernedaudt og kunnskapslaust – og konstruktiv kritikk er totalt fråverande. Og nesten berre Georg Arnestad torer å kommentera med fullt namn. Dei andre er for feige, men veldig høge og veldig mørke der dei fyrer frå hofta bak fantasifulle «nicknames». Dei om det.

Sjølvsagt er det krise i Sogndal. Sjølvsagt har klubben drite på draget med fem strake tap. Men ærleg tala.

Etter mitt skjønn har Sogndal Fotball gjort to generaltabbar sidan nedrykket frå elitedivisjonen hausten 2004. Den første – og kanskje verste – var at klubben trudde dei sjølve kunne bestemma når dei skulle opp att i eliten. Det passte liksom ikkje første året etter nedrykket, for då var det fokus på anlegg. Slik tapte Sogndal den fordelen alle nedrykte lag har det første året på nivået under. Det var ei katastrofal feilvurdering, som kanskje var ok på 1990-talet, men ikkje slik norske klubbar satsar i dag.

Den andre generaltabben kom i vinter då den ferske og overmodige – men særdeles entusiastiske marknadsavdelinga gjekk ut og lova jubelsesong før det var sparka eitt einaste spark. Heilt uten verken sportsleg grunnlag eller kompetanse til å gjera dette. Det er dette utspelet som straffar seg mest av alt. SIL gløymde Jante. Og aldri har dei kosa seg meir enn nett no, dei bakstreverske medgangssupporterane som gnir det inn så det svir kvar gong dei har eller får sjansen til det.

Mykje av den sportslege nedturen skriv eg på den mentale konto, det er mykje psykologi i dette vidundarlege spelet fotball. Noko anna forklaring finn eg ikkje på at Sogndal i første omgang for 14 dagar sidan rundspelar Raufoss så til dei grader at Harald Lødemel er «tudnige» og trur han skal tapa 10–0 for han har aldri i sitt liv opplevd å bli så rundspelt Eg meiner – det er jo same laget som kollapsar etter pause og taper ufortent 3–2. Men det er også det same laget som ikkje skapar ein einaste kvalifisert sjanse mot Løv-Ham ei veke seinare, etter slett innsats over heile linja. Men dårlegare fotballspelarar, nei – elendig fotballag, nei. På sitt beste er årets utgåve gode, verkelege gode. Mange har openbart gløymt det, men dette har dei faktisk vist i lange periodar både mot Molde, HamKam og Bryne. Det handlar no om å få attende trua og gjera desse gode periodane mykje lenger!

Men då treng klubben støtte, ikkje dritslenging, baksnakking og latterleggjering! Det som uroar meg mest er at fleire av dei eg trudde var Sogndals verkelege venner no snur ryggen til laget. Det er i motgang du får røyna kven som er din venn. Desse venene er ikkje enkle å få auga på nett no. Og kva skal du eigentleg med venner som snur ryggen til i motgang? Me har vore så heldig at me har hatt Sogndal i norsk toppfotball i 30 år. Heldige! For det er ingen logikk i dette eventyret, det er ingen naturlege føresetnader som ligg der for dette. Tvert i mot. Og ærleg tala – det finst ingen som er betre eigna til å styra denne klubben enn dei som gjer det nett no! Dei som trur det anar ingenting om kva som skjer i norsk toppfotball.

Eg har aldri lagt skjul på at Sogndals suksess på fotballbana har betydd mykje for meg personleg. Men også for bygda – ja, for heile fylket, identiteten vår. Me har vore stolte av dette laget. Suksessen er like fullt uverkeleg og ulogisk. Fornuftstridig.

Fotballeventyret frå fruktbygdi har fått venner og tilhengjarar over heile landet. Beundrarane til det dei har fått til i denne vesle bygda er tallause. Men det er ikkje desse som skal syta for at klubben løfter seg att, er det vel? Nei, det er dei litt bortskjemte og for godt vande medgangssupporterane på Fosshaugane som bør gå i seg sjølve. Det er nettopp du som må løfta på røvi og opna kjeften skal Sogndal klara å snu dette.

Og – sjølvsagt – må Anders Giske, Karl Oskar Emberland og Rolf Navarsete og resten av gjengen skjerpa seg. Sporenstreks bør dei til dømes setja makt bak ynsket om å bli best på talentutvikling. Kvifor ikkje henta stortalentet Kristian Opseth frå Kaupanger med det same? Og kvifor ikkje bruka fleire unggutar på A-laget no? Og kvifor i all verda skal ikkje gutelaget til Sogndal ha topp trenar heile året? Gutta som kom til B-finalen i Dana cup t.d. måtte mest skrika seg til trenar sist vinter – slikt går ikkje an.

Samstundes er det altfor langt mellom drammane frå ein innkjøpt leigesoldat som Brian Waltrip, for å seia det slik. Og sjølvsagt er det andre soleklare bomkjøp, men ikkje i nærleiken av å vera gale nok til at nokon må gå. Kvardagen er slik i toppfotballen, du treff ikkje med alt. Men Sogndal må – uansett – skjerpa talentarbeidet. Og sjølvsagt må innsatsen ute på bana bli av ein heilt annan karakter ein sist søndag.

Eg trur ikkje at sogndøler, ja sogningar flest – ynskjer at Sogndal skal gå på trynet. Eg er jammen ikkje sikker, men vonar at dei fleste – indst inne – er ekte supporter som vil klubben i sitt hjarta det beste. Dei berre slit litt med å få det ut. Men no er tida der. For tru ikkje at Sogndal ikkje kan rykka heilt ned i 2. divisjon. Då er det ikkje mange åra før bylaga Førde og Florø er motstandarar. Og slik kan me vel ikkje ha det, eller? Den beste måten å visa at du eigentleg drit i framtida og godt kan leva med motstandarar frå eige fylke, er å halda deg heime i morgon.

Den beste måten å visa at du bryr deg om klubben også når laget slit – er å møta opp på Fosshaugane i morgon. Og gjera ditt for å løfta laget fram til haustens første siger. Eg trur eg kan garantera at tettpakka tribunar og fin stemning i morgon ville vera den best tenkjelege medisinen for eit lag i motgang.

Eg utfordrar alle som bryr seg !

(Og viss du lurer på korleis det gjekk året etter den førre nedturen i 1.divisjon i 1986 – er det berre å sjekka SIL-soga...)

Sei di meining på debattforumet

Bogg med kommentarar

Mest lese no

...

Røyk og høg varme

Nyhende Fyr i eit dieselaggregat. Les meir

...

Hopen attende med siger

Sport Ørjan Hopen var attende i Sogndal-drakta då Fyllingsdalen vart slått 4–1 i Sognehallen laurdag. Les meir

...

Vann enkelt

Sport Sogndal hadde få problem med å setja Fyllingsdalen på plass. Les meir

...

Jotun fekk juling

Nyhende Trass i massiv støtte frå eit entusiastisk heimepublikum på Leikanger, fekk jotundamene så hatten passa hjå Bækkelaget. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.