Torer du Hareide?

Publisert 23.05.2007 kl 15:05 Oppdatert 23.05.2007 kl 15:05

Tips ein venn på e-post:


Tysdag tek Åge Hareide ut landslagstroppen til EM-kvalifiseringskampane mot Malta og Ungarn. Ikkje uventa har den store mediedebatten i forkant av uttaket handla om kven Hareide skal setja sin lit til mellom stengene. Thomas Myhre sin tabbekavalkade mot Tyrkia og Bosnia tvingar landslagssjefen til å gjera eit val, eit val som etter alle solemerker står mellom Brann sin Håkon Opdal og hissigproppen Rune Almenning Jarstein på nedrykkstruga Odd. Det er då eg spør, har landslagssjefen vurdert Terje Skjeldestad? Og viss ja, kva gjer at han ikkje er aktuell?

Hausten 2005 var sist sogndalkeeperen var inne i landslagsvarmen. Då vart den joviale kaupingen kalla inn som cover for Thomas Myhre i innspurten av VM-kvaliken. Til Sogn Avis svarte Hareide då at spel i 1. divisjon hadde liten betydning for Skjeldestad si moglegheit til å vera i landslagsdiskusjonen. Hareide ville difor ikkje oppfordra Skjeldestad til å byta klubb. Om Hareide meinte alvor, eller om svaret på Bislett var ei høflegheitsfrase til ein utsendt lokalavisjournalist, er det grunn til å så tvil om.

For situasjonen til Skjeldestad er uforandra, sett vekk ifrå at han sidan sist landslagsuttak har utvikla seg til ein endå betre keeper. Kanskje ser vi ikkje dei spektakulære tigerspranga like ofte, men eg torer påstå at større ro, betre posisjonerings- og vurderingsevne har gjort Terje Skjeldestad til ein meir stabil og sikker keeper enn me har sett han i tidlegare utgåver. Likevel har Skjeldestad forsvunne like raskt ut av landslagsdiskusjonen som Hareide valde å bringa han inn.

«Utestenginga» av Terje Skjeldestad bør ikkje vera på grunn av konkurrentane sine uoppnåelege prestasjonar. Rivalane har blitt færre og ikkje spesielt mykje betre. Thomas Myhre har eliminert seg sjølv og verken den nye vinen i Opdal eller Jarstein har kvalitetar som bør skremma Terje Skjeldestad. Om Åge Hareide har litt guts, og overser dei kritiske røystene som automatisk vil dukka opp ved å ta ut ein keeper frå 1. divisjon, så tek han seg ein tur til Fosshaugane i løpet av sommaren og finsiktar sogndalmålvakta. Då kan han også få med seg ein komande landslagsstoppar.

Mest lese no

...

Kalven hadde dagen

Nyhende Den forkomne hjortekalven var på rett stad til rett tid. Les meir

...

– Årdal FK kan verta oppløyst

Sport Årdal FK-leiar Geir Kjetil Øvstetun trur klubben vert oppløyst viss Jotun stiller seniorlag i årets sesong. Les meir

...

Sogndal-Molde på TV

Sport TV-kampane for dei første serierundane i årets eliteserie er klare. Les meir

...

Treng sliten sofa

Nyhende Har planar om å gjera det heimekoseleg under Veka. Les meir


Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.