...
BLIR TRENAR: Tore André Flo har flytta tilbake til London, og skal trena 16-19 åringane på Chelsea sitt ungdomslag. Foto: Arkiv

Flo attende til Chelsea

Tore André Flo har fått seg trenarjobb i den engelske storklubben.

Morten Sortland E-post
Publisert 12.09.2012 kl 09:39 Oppdatert 12.09.2012 kl 14:16

Tips ein venn på e-post:



På Cobham, som er Chelseas treningsanlegg, skal 39-åringen vera med å trena ungdomslaget til årets Champions League-vinnar.

Etter det Sogn Avis kjenner til skal Flo først og fremst ha fått eit trenarengasjement som vil vara i to månader.

UEFA-lisens

Stryningen har aldri lagt skjul på at han ønskte seg ein jobb som fotballtrenar etter karrieren tok slutt. I løpet av tida i Sogndal gjennomførte han mellom anna fotballforbundets høgaste trenarutdanning.

Hatt mange trenarar

– Eg har opplevd og studert mange trenarar i forskjellige land gjennom karriera mi. Dette kombinert med utdanninga gjer at eg kan vera bra skodd til å trena ein klubb i framtida, sa Flo til Sogn Avis då han tok kurset.

Eige fotballakademi

Flo har allereie tileigna seg trenarerfaringar, då han det siste året før han kom til Sogndal var trenar på sitt eige fotballakademi i London. Eit akademi som var tilrettelagt unge spelarar mellom seks og 14 år, der fokuset var retta særskilt mot tekniske ferdigheiter.

– Dette har eg lært mykje av, og trenarrolla er noko som interesserer meg. Eg ønskjer å halda fram i ei rolle innan fotballen også etter at eg legg skoa på hylla, sa Flo til avisa i fjor sommar.

Chelseas ungdomslag

Då han la skoa på hylla for litt over ein månad sidan, var Flo aktuell for ei rolle innan Sogndal sitt sportslege apparat. Dette vart det ikkje noko av, og stryningen valde å flytta heim til familiens bustad i Ascott like utanfor London.

Der kom altså tilbodet frå Chelsea som no har engasjert den tidlegare storscoraren med ein kontrakt som trenar for ungdomslaget for ein periode.

Dermed vert det eit gjensyn med gamleklubben som han spelte 149 kampar og scora 50 mål for i perioden frå 1997 til 2000.

Det lukkast ikkje Sogn Avis å få kontakt med den ferske Chelsea-trenaren tysdag.

På framsida no


...

– Ungdom er nesten usynlege i nyheitene

Få nyheitssaker handlar om 15-19-åringar. – Oppsiktsvekkjande, meiner forskar.

...

Berga livsviktig poeng

Eitt minutt på overtid berga midtstoppar Marcin Brzykcy det som kan visa seg å verta eit svært viktig poeng for Årdal FK.

...

Misnøgd med Sogn kulturskule

Luster vurderer å trekkja seg frå samarbeidet med Sogndal og Leikanger.