...
TAP: Rebecca Brun Steinheim, Stine Kauppi Straumsheim og resten av Jotun-jentene prøvde så godt dei kunne å stoppa volda i dag. Foto: Morten Sortland

Mista sigeren på slutten

Jotun tapte laurdag den første av to kampar mot sterke Volda.

Morten Sortland E-post
Publisert 09.09.2012 kl 00:57 Oppdatert 10.09.2012 kl 08:38

Tips ein venn på e-post:

Gjestane som har ambisjonar om opprykk til 1. divisjon denne sesongen synte seg som det sterkaste laget då dei vann med tre mål laurdag kveld.

Stillinga enda til slutt 24-27. Til pause leia sunnmøringane med fem mål 9-14.

Store forandringar

Jotun har mange forandringar på laget som spelte i 1. divisjon i fjor. Fleire nøkkelspelarar har takka for seg, medan Olafur Sveinsson er attende som trenar for klubben han forlot for fem år sidan.

Og den islandske trenaren mønstra eit ungt mannskap som likevel beit godt frå seg i Årdalshallen i kveld.

Grøntrøyene fekk ein tøff start på kampen, men hang på som kleggar. Det gjorde at Volda aldri leia med meir enn fem mål på det meste. I store periodar var det eitt og to mål som skilde laga.

Henta inn bortelagets leiing

Om lag ti minutt etter pause la Sveinsson om på formasjonen, og dette gav fort resultat.

18. minutt ut i 2. omgang hadde Jotun-jentene henta inn bortelagets leiing og tok for første gong i føringa i kampen like etter.

Dei neste ti minuttane leia Jotun som regel med eitt mål, men nokre taktiske feil og dårlege avslutningar på tampen gjorde at Volda tok tilbake leiinga minuttet før slutt.

Det unge Jotun-mannskapet makta ikkje å utlikna på sine store sjansar. Det gjorde derimot dei blåkledde som auka leiinga ein og to gonger i siste speleminutt.

Fleire lyspunkt trass tap

Gledeleg for heimepublikummet i Årdal var det å sjå fleire lovande jenter på Jotun som er på veg til å ta nokre nye steg i karrieren. Av desse imponerte Malin Øyre (17), Kristine Lindborg (18) og Camilla Nundal (16) særleg. I tillegg spelar meir rutinerte Rebecca Brun Steinheim (17) med stor sjølvkjensla utpå parketten.

Hyggeleg var det også å sjå gledesspreiaren Stine Kauppi Straumsheim som har gjort comeback i Jotun-drakta etter ei stund fråvær.

Polsk forsterkning

Elles fekk årdølene for første gong sjå Agnieska Tyda i aksjon. Polakken debuterte nemleg foran sitt nye heimepublikum, og den høgreiste midtbacken gjorde ein god figur då ho dekka svære rom på bana og blokka fleire av Volda sine skotforsøk.

Søndag kan Jotun få revansje då laga spelar ny treningskamp i Årdalshallen.



På forsiden nå


...

Frustrerte og forvirra

Nyhende Førsteklassingane på medielinja i Sogndal veit ikkje kor vegen går tredje året. Les meir

...

Storstila avslutning på sesongen

Sport 16. mai var langrennsski og gevær bytt ut med finsko og blomster for skiskyttarane i Vik, som hadde ei storstila avslutning på sesongen. Les meir

...

– Nynorsk er viktig for integreringa

Nyhende Flyktningar og arbeidsinnvandrarar som kjem til ein nynorskkommune kan i dag risikera å få berre bokmålsopplæring når dei skal læra seg norsk. Les meir

...

Skulle feira fødsel

Nyhende Dømd til fengsel i åtte månader. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.