...
Kjetil Dyvik frå Voss var førstemann over mållinja på Heirsnosi i dag. Foto: Morten Sortland

Full fart i svingane

Kjetil Dyvik frå Voss parkerte konkurrentane og var suveren opp svingane til Heirsnosi i motbakkeløpet i Årdal. SJÅ BILETSERIE.

Morten Sortland E-post
Publisert 08.09.2012 kl 16:50 Oppdatert 09.09.2012 kl 00:30

Tips ein venn på e-post:

Dyvik brukte berre 33 minutt og seks sekund opp den seks kilometer lange løypa til Heirsnosi på 1000 meters høgde.

Til saman var det 165 påmelde deltakarar som sleit seg opp på fjelltoppen der dei vart møtt av ein gradestokk som synte fattige tre plussgrader og sterk vind.

– Det verste i dag var faktisk kulda, elles tykkjer ikkje eg det var så ille å springa oppover bakkane i dag. Det gjekk veldig greitt då dette er ei løype som passar meg perfekt, seier den stolte vinnaren.

Halvard tok sølvet

Som ein god nummer to, uavhengig av klasse, kom seimsdølen Halvard Seim Lysne. Han kom over to minutt bak vossingen, men likevel på ei svært respektabel tid då han kom i mål på tida 35:57.

– Eg er veldig nøgd med plasseringa då eg ikkje hadde venta å koma så høgt, seier han.

Seim Lysnes lagkamerat i ÅTIL Sivert Fodnes sprang inn til bronsemedalje på tida 36:43.

Spreke damer

På damesida var det ingen som kunne gjera noko med Anna Tråve frå Lærdal. Ho var i eigen klasse i dag, og kom i mål etter 40 minutt og ti sekund.

Årdølen Marita Hestetun kunne jubla for 2. plassen og fortent sølvmedalje etter det tunge løpet. Ho brukte 43:20 på dei litt over seks kilometerane.

3. plassen gjekk til tangingen Anita Tveit Neset som kom akkurat 30 sekund bak Hestetun.

Sykla til topps

Nytt under årets arrangement var at det gjekk an å sykla heile vegen til toppen.

Frå start i denne klassen stilte 22 spreke deltakarar, og førstemann opp til mål var Geir Orrestad frå Sogn Cykleklubb.

Her måtte utøvarane sykla over elleve kilometer då denne gruppa starta frå torget i Øvre. Orrestad kom opp på imponerande 49:20.

Plassen bak fulgde lagkamerat i Sogn CK Kjell Melheim, medan årdølen Kjartan Smedegård kunne jubla for bronse.

På damesida i denne løypa vann Marina Eriksson frå Grimstad SK på tida 01:01:34. 2. plassen gjekk til Jotuns Grete Kalleland Lien, medan Hilde Asperheim som representerer Sogn CK kom på tredjeplass.

– Fantastisk flott

Vossingen Dyvik var ein glad mann før han skulle henta prisen sin på podiet, og skryt hemningslaust over arrangementet.

– Arrangørane har fått til eit fantatsisk opplegg her i Årdal. Løypa er nydeleg med fin utsikt utover bygda i kvar einaste sving, seier vinnaren.

SJÅ BILETSERIE

Les meir om Tur til Tusen i papirutgåva måndag.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.