...
NY SIGER: Åse Neraas jublar etter 2-0 scoringa på heimebane mot Høyang onsdag.

Kaupanger slo Høyang

Vann ein oppskriftsmessig 2–0 siger på heimebane onsdag kveld.

Endre Romøren E-post
Publisert 22.08.2012 kl 20:59 Oppdatert 22.08.2012 kl 21:03

Tips ein venn på e-post:

Guro Hauge gav dei grønkledde leiinga etter 25 minutt, då ho sette ballen i mål etter litt att og fram inne i Høyang sitt 16-meter.

Ikkje så altfor mykje skjedde resten av omgangen, før veteranen Åse Neraas dobla til 2–0 timen ut i oppgjeret. Stine Hovland slo ein fin ball i bakrom, Neraas var kald frå 15-16 meter og lobba ballen i nettet.

Bortelaget heldt opprykkskandidaten frå fatet stort sett resten av kampen, fram til Neraas og Hovland fekk kvar sin sjanse i sluttminuttane utan uttelling.

– Lugga litt

– Det lugga litt for oss i dag, der me var upresise offensivt og merka at me har spelt tre kampar på åtte dagar. Men me er solide defensivt og held nullen for tredje kamp på rad, og det er trepoengarar me jobbar for å få, seier trenar Marius Bøe til Sogn Avis etter kampen.

Sjølv om prestasjonen var på det jamne finn trenaren fleire ting å gleda seg over etter lagets tredje straker siger i haustsesongen.

– Josefine (Sannebro) spelte sin beste kamp etter at eg tok over som trenar. Ho var fantastisk på venstrebacken, og har teke enorme steg. I tillegg viste Malin (Fjæren) kvifor me henta ho frå Høyang, då ho vinn mange duellar på midtbana og gjer gode val med ballen, seier Bøe.

Kaupanger spelar ny heimekamp komande søndag, mot Klepp 2.



På forsiden nå


...

Etter 674 dagar fekk Sogndal straffespark

Sport Sogndal fekk sitt første straffespark på 55 kampar då Haugesund vart slått 1–0 på bortebane måndag. Les meir

...

Travelt i Flåm og Skjolden

Nyhende Kjempa «Independence of the Seas» kom med 3.800 passasjerar til Flåm. Les meir

...

Slo Haugesund

Sport Sogndal slo Haugesund i kveld. Malick Mane sette inn kampens einaste mål frå straffemerket. Følg kampen her. Les meir

...

369 nådde toppen

Sport Årets første motbakkeløp i noregscupen vart i dag gjennomført på best mogleg vis i Lærdal. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.