...
SIGRA: Sander Sekkingstad Terum vart nordisk meiser på 3000 meter hinder søndag. Foto: Arkiv

Terum vart nordisk meister

Sander Sekkingstad Terum frå Aurland vart nordisk juniormeistar på 3000 meter hinder i dag.

Endre Romøren E-post
Publisert 19.08.2012 kl 12:05 Oppdatert 19.08.2012 kl 13:05

Tips ein venn på e-post:



Løpet gjekk i Växsjø i Sverige, der Terum sprang inn til ny personleg rekord på tida 9.28.60.

Aurlendingen låg i fremste del av feltet heile løpet, men tok først leiinga 250 meter før mål då han sette inn spurten og passerte Jakob Abrahamsen frå Danmark.

– Taktikken var å ligga litt bak i feltet og sjå an tempoet, for deretter å koma sterkt mot slutten. Det fungerte godt, då eg hadde bra med saft i beina, seier Terum til Sogn Avis etter løpet.

Formen attende

Utandørssesongen hans har vore prega av sjukdom, difor gjorde det eksta godt å vera attende på toppen av pallen i dag.

– Det er veldig godt å kjenna at formen er attende. Det var hard konkurranse i løpet, så dette er ein av titlane mine eg vurderar høgast, seier Terum.

På framsida no


...

Mann funnen etter leiteaksjon

Turgåar som hadde gått seg vill, innlagt på Førde sentralsjukehus med lettare skader.

...

Startar døgnope treningssenter

Espen Dalaker Langeland har litt meir guts enn dei fleste andre. I dag opnar han nytt treningssenter i Sogndal kulturhus.

...

Rundspelt og audmjuka: – Ei forferdeleg oppleving

Sogndal var ikkje i nærleiken i 1–3 tapet mot Sarpsborg 08.