...
BOM: Fjøra-spiss Arild Underdal fortvilar etter å ha bomma på ope mål frå fem meter i dagens 2-3 tap mot Sandane.

– Tidenes bom

Arild Underdal brende ein sjanse han sjølv omtalar som "tidenes bom" då Fjøra tapte på heimebane mot Sandane fredag.

Endre Romøren E-post
Publisert 17.08.2012 kl 19:15 Oppdatert 17.08.2012 kl 21:26

Tips ein venn på e-post:

Gigasjansen kom kvarteret før slutt på stillinga 2–3. Ola Ødegård kom seg rundt på høgresida, og slo flatt inn framfor mål der Underdal var åleine med det opne buret.

Spissen sette breisida til frå 4,8 meter, men på utruleg vis gjekk ballen over tverrliggjaren.

– Det er tidenes bom. Eg veit eigentleg ikkje kva som skjedde. Eg var for sikker på å scora, og var ikkje konsentrert nok. Målet var ope, og eg skal scora der, seier ein betutta Underdal til Sogn Avis etter kampslutt.

Fjøra kom ikkje nærmare scoring etter dette, og tapte dermed sin andre kamp for sesongen.

– Det øydela kampen for oss. Med scoring der kunne me pressa på og tatt sigeren, men i staden får me ingenting, seier Underdal.

Leia to gonger

Det såg lysare ut for Fjøra tidlegare i kampen, då dei raudkledde leia to gonger Mats Nondal sette inn 1–0 etter 22 minutt, Sandane utlikna like etter pause, før Hjellhaug scora åleine med keeper ti minutt inn i andre omgang.

Men Sandane slo raskt tilbake, og snudde kampen etter to kjappe scoringar av brørne Ruben Wie og Mads Wie.

– Me slepper inn enkle mål. Sandane har gode spissar, men dei fekk spela seg for lett fri i bakrom der me burde ha god kontroll. Det er dårleg av oss, seier Underdal.



På forsiden nå


...

Vurderer opna stølsysteriet

Nyhende I Skjerdal må ein kanskje opna stølssesongen ein månad før tida. Les meir

...

– Harde grep må til

Nyhende Karen Marie Hjelmeseter er ikkje overraska over fylkesrådmannen sitt framlegg til framyidig skulebruksplan. Les meir

...

– Det rista i heile området

Nyhende Svein Kjos bur berre nokre meter frå storraset i Aurland. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.