...
NY KONTRAKT: Eirik Skaasheim (19) har signert for tre nye år med Sogndal.

Skaasheim skreiv under

Eirik Skaasheim (19) er klar for tre nye år i Sogndal Fotball.

Endre Romøren E-post
Publisert 09.08.2012 kl 18:57 Oppdatert 09.08.2012 kl 20:03

Tips ein venn på e-post:

Høgrebacken frå Balestrand vart samd med klubben om ein ny avtale denne veka, som strekkjer seg fram til 1. august 2015.

– Eg har alltid hatt lyst til å halda fram i Sogndal, då eg veit at det er best for min eigen utvikling. Klubben kom med eit godt tilbod både eg og dei er nøgde med, difor er eg glad for å skriva under, seier Skaasheim til Sogn Avis.

Har spelt alt

Skaasheim signerte proffkontrakt like før sesongstart i mars, men etter å ha spelt samtlege 18 seriekampar så langt i årets sesong har han no fått ein ny og forbetra avtale.

– Eirik har vist flotte takter, utvikla seg mykje og spelt meir enn me tørte å håpa på. Difor vil me premiera han med ein avtale som gir han eit løft økonomisk, men like viktig - det gir han langsiktigheit i høve eiga utvikling, seier assistenttrenar i Sogndal Fotball, Håvard Flo til Sogn Avis.

– No kan me utvikla Eirik vidare innan våre rammer, slik at han ein dag kan steget vidare til eit høgare nivå, seier Flo.

– Har skapt historia sjølv

Historia til Skaasheim er som teken ut av eit eventyr. Frå spel i 4. divisjon med Sogndal 2 til fast plass i eliteserien og møte med Molde og Rosenborg på eit par månader.

– Det er ei veldig flott historie. Me har gitt Eirik sjansen - ja - men han har først og fremst skapt denne historia sjølv. Han har teke nivået fort, jobbar steinhardt i kvardagen, og har ein veldig audmjuk haldning til det han driv med, seier Flo.

– Alfa omega for meg har vore den tilliten eg har fått. I periodar der eg ikkje har prestert godt nok har klubben likevel backa meg opp heile vegen, noko som har ført til at eg har klart å slå tilbake, seier Skaasheim, som etter alle solemerker startar sin 19. eliteseriekamp på rad når Rosenborg kjem på besøk til Fosshaugane Campus søndag.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.