...
SIGER: Tomålsscorar Arild Underdal (i midten) vert gratulert av Daniel Fylling (t.h.) og Ørjan Hjellhaug etter 3?1 scoringa mot Lærdal tysdag. Fjøra vann til slutt 5?2.

Fjøra senka Lærdal

Fjøra kutta avstanden til serieleiar Sogndal 2 til fem poeng då dei slo Lærdal 5–2 på bortebane i 4. divisjon tysdag.

Endre Romøren E-post
Publisert 31.07.2012 kl 22:00 Oppdatert 31.07.2012 kl 22:31

Tips ein venn på e-post:

Debutant Mats Nondal gav fjørene leiinga på ein retur etter 35 minutt, før same mann heada inn 2–0 på eit hjørnespark få minutt seinare.

Halvveges ut i omgangen vart også Arild Underdal tomålsscorar, då han la på til 3–0 og 4–0, der scoring nummer to kom på straffespark.

Gav seg ikkje

Men jumboplasserte Lærdal gav seg likevel ikkje, og skapte litt spenning i kampen etter to kjappe reduseringar av Kim Bjørkum og Simen Øren. Begge måla var fine avslutningar frå distanse, som Fjøra-keeper Håvard Bøyum kunne gjera lite med.

Men like før slutt gjekk bortelaget opp til 5–2, og innkasserte dermed tre poeng i sin første kamp på haustsesongen.

– Me plukkar tre poeng, og det er bra nok. Kampen var litt ruskete frå vår side, der me var lite samstemte og mangla presisjon og timing. Hadde dette vore betre kunne me scora langt fleire mål, seier Fjøra-trenar Kjell Ertesvåg til Sogn Avis etter kampen.

Liten opptur

For Lærdal vart kampen ein liten opptur, sjølv om det vart tap for 12. gong av 13 moglege i årets sesong.

– Me gav dei kamp, og tapte ikkje med veldig stygge siffer slik me har gjort tidlegare i sesongen. Men kreftene ebba ut, og me tapte for eit lag som er eit hakk eller to betre enn oss. Dei har meir vaksne spelarar, og eit betre system over spelet sitt, seier Lærdal-stoppar Øystein Lindesteg Rinde til Sogn Avis.

Dermed har lærdølene framleis berre eitt poeng i årets sesong, og er suverent sist på tabelleb. Lindesteg Rinde vil likevel ikkje konkludera med at det vert nedrykk til 5. divisjon.

– Det vert vanskeleg å unngå, men me må ha trua og spela til det er slutt. Det er mange kampar igjen enno, seier han.

Tap, tap, tap

Elles gjekk det fullstendig skeis for sognelaga i 4. divisjonsrunden tysdag. Balestrand vart knust 0–7 på bortebane mot Jølster, Kaupanger hang ikkje saman før pause og tapte 0–3 på heimebane mot Skavøypoll, medan Veitastrond rauk 2–3 mot Dale heime på Leikvoll Stadion.

I den siste kampen leverte Høyang varene, då dei slo Førde 2 4–2 heime på Sletta.

Kampens store hending kom etter 64 minutt, då keeper Jaran T. Vefring sitt utspark gjekk over heile bana og i mål bak Førde-keeper Martin Nygård til 3–1.

Høyang sine øvrige mål vart scora av Morten Kåre Øen Eriksen, Vegard Lambrechts og Tommy Verøy.



På forsiden nå


...

Klart for ny stafettmoro

Sport ?25 lag er påmelde til den 63. Vikjastafetten. Les meir

...

Urter på museumsmenyen

Nyhende Klart for urte- og stadedag. Les meir

...

Skuffa over ikkje å få spela

Sport Magnus Stamnestrø (21) har opplevd nokre skuffande første månader i Sogndal. Les meir

...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.