...
SPISS PÅ VEG: Danske Mads Hvilsom (19) er høgaktuell for Sogndal. Foto: Endre Romøren

Sogndal vurderer landslagsspelar

Sogndal jobbar med å henta den danske u-landslagsspissen Mads Hvilsom (19) på lån.

Endre Romøren E-post
Publisert 24.07.2012 kl 13:29 Oppdatert 24.07.2012 kl 13:29

Tips ein venn på e-post:



19-åringen høyrer til den danske eliteserieklubben FC Midtjylland, som ønskjer å låna ut spelaren for at han skal få meir speletid.

Måndag var han på plass i Sogndal for å sjå på tilhøva, og gjennomførte sin første treningsøkt med laget.

– Me har gode rapportar på Mads, han er ein spelar med gode ferdigheiter. Han skal vera med oss fram til onsdag, før me tek ei avgjersle, seier assistenttrenar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til Sogn Avis.

God i fjor

Om Sogndal hentar Hvilsom vil det vera på ein utlånsavtale ut årets sesong. Spissen har vore i Midtjylland sidan 2008, men har fått lite speletid på klubben sitt a-lag.

Førre sesong gjekk det betre, då han var på utlån til 1. divisjonslaget Viborg FF og leverte solide fem scoringar på 14 kampar.

Også på aldersfastlagde landslag har Hvilsom markert seg som ein habil målscorar, då han står bokført med 16 nettkjenningar på 30 landskampar på U16-, U17- og U18-nivå.

På framsida no


...

Har ikkje lyst å kutta i skulen

Politikarane vil helst fjerna eit upopulært kutt i skulesektoren, men det vil kosta dyrt.

...

No kan du sova lenger

Natt til søndag skal klokka stillast ein time tilbake.

...

Skal fronta nynorsk

Når barnhagelærar-studentane snart skal ut i praksis, har dei med seg nynorske bøker i bagasjen.

...

Drama på studentheimen

Alarmen gjekk medan studentane gjorde seg klar til fredagsfest.