...
?Jon-Hermann Hegg er den einaste rekrutten som førebels har fått 350 poeng i år. Foto: Privat

Jon-Hermann (13) skaut seg til topps

Den unge skyttaren fekk 350 poeng i eit skyttarstemne i Hyllestad denne helga.

Marthe Vee E-post
Publisert 19.07.2012 kl 14:00 Oppdatert 19.07.2012 kl 14:00

Tips ein venn på e-post:

Jon-Hermann Hegg fekk fyrsteplassen i baneskyting søndag, med ein poengsum på 350. Han har dermed kvalifisert seg til 350-klubben, klubben for skyttarar som har fått den høgst moglege poengsummen, nemleg 350 poeng.

– Eg er kjempeglad! Dette betyr veldig mykje for meg, seier Hegg.

Einaste i Noreg

Hegg er i dag den einaste frå klassa si i Noreg som har kome med i klubben. Skyttarane som kan kvalifisera seg til 350-klubben må vera i junior-, rekrutt eller eldre rekruttklasse. Hegg er rekrutt, som er skyttarar frå 10–13 år.

Trent i fire år

Hegg har delteke på skyteskule i fire år, og har drive med konkurransar i tre av desse. Han skyt for Hegg skyttarlag, som held til i Borgund. Han har tidlegare delteke i NM, der han tok ein tredjeplass. Om to helgar skal han delta i landsskyttar-stemnet.

– Målet er å nå 350 poeng der også, seier den ivrige skyttaren.



På forsiden nå


...

Moro for dei minste

Nyhende – I år har me prøvd å gjera det litt kjekkare for borna, seier leiar for Kulturdagane, Turid Øiene. Les meir

...

– Støyen er slitsam

Nyhende – Det er litt voldsomt, seier Aud Midtun, som brått fekk ein kjempevegg mellom seg og fjorden. Les meir

...

Valsvik til U-21

Sport No er troppen klar. Les meir

...

Forskarar skal læra i "fornybarland"

Nyhende Neste veke forlet forskarar kontora sine og møter bedrifter og byråkratar på heimebane. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.