– Akkurat no føler eg at at det ikkje er større interesse enn at eg kan gjera andre ting, seier spelaren som ikkje er aktuell for Sogndal no.
– Sogndal kunne ikkje tilby meg kontrakt no, seier Alexander Ødegaard til Firda torsdag.
Døra på gløtt
Førdianaren har trent med Sogndal i eit par veker nyleg, og har ikkje lagt skjul på at ja helst vil spela for tippeligaklubben i fylket. Etter å ha fått nei frå Sogndal, opnar han for andre løysningar.
– Sjølv om det ikkje vart noko kontrakt denne gongen står døra til Sogndal framleis på gløtt, seier Ødegaard.
Han har fått tilbod om å trena med klubben framover men er usikker på kor ofte det vil skje.
– Eg har forståing for valet til Sogndal, og deira ønskjer om at dei gjerne ville sett meg i aktivitet meir, seier han til Firda.
Les også: Ødegaard vil til Sogndal