...
TIL SOGNDAL: Rune Bolseth er tilbake i Sogndal frå 2013-sesongen. Foto: Åserud, Lise

Bolseth klar for Sogndal

Rune Bolseth gjer comeback i Sogndal frå 2013-sesongen.

Endre Romøren E-post
Publisert 17.07.2012 kl 13:43 Oppdatert 17.07.2012 kl 14:59

Tips ein venn på e-post:

Bolseth kjem gratis som bosmanspelar frå Hønefoss etter årets sesong, og har skrive kontrakt ut 2014.

– Rune er ein god og klok spelar, og har vist i år at han framleis kan levera gode prestasjonar sjølv om han er ein godt vaksen mann. Me er veldig glade for å ha signert han, seier assistenttrenar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, til Sogn Avis.

Mentor

Flo meiner Bolseth vil fylla fleire roller enn den mellom forsvaret og angrepsrekkja når han vender attende til Sogndal i januar.

– Me får ein enorm kapasitet når det gjeld mentorbygging. Unge spelarar som Stefan og Peter Aase vil nyta godt av den kunnskapen Rune sit inne med, seier Flo.

Bolseth kom til Sogndal frå Sandane i 1999, før han signerte for Hønefoss etter 2009-sesongen. I år står han bokført med ti seriekampar og to mål for laget frå Ringerrike.



På forsiden nå


...

Målfest for Fjøra

Sport Sendte Høyang heim som slakt i 4. divisjon fredag kveld, medan Kaupanger spelte uavgjort. Les meir

...

Går av som leiar

Nyhende Arne Johannessen går av som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund. Les meir

...

- Spark Liv Signe ut av Stortinget

Nyhende - Først då kan me få vekst og utvikling, hevdar 2. kandidaten til FrP i fylket, Kristine Lie. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.