...
Ulrik Flo har skåra jamnt og trutt den siste tida.

Ulrik kjempar mot klokka

Sogndals toppscorar må kanskje sjå kampen mot Stabæk frå tribunen.

Publisert 14.07.2012 kl 16:48 Oppdatert 14.07.2012 kl 19:26

Tips ein venn på e-post:

Ulrik Flo kjempar mot klokka for å rekkja den viktige kampen i morgon.

Han fekk seg ein lei smell i ribbeina etter ublidt møte med spisskollega Malick Mane på trening onsdag. Toppscoraren vart sendt til Lærdal sjukehus på røntgen etter smellen. Heldigvis for stryningen vart det ikkje konstatert brot.

Olboge i magen

– Eg fekk meg ein solid trøkk då eg fekk olbogen til Malick i magen, så det er ikkje mykje eg klara gjera akkurat no. Eg har heller ikkje fått røra meg noko særleg dei siste dagane, seier spissen, som har synt ei bra målteft den siste tida.

På dei siste tre kampane har stryningen varta opp med like mange mål. Difor tykkjer han det er trist å kanskje gå glipp av kampen mot Stabæk.

Er optimist

– Eg er optimist sidan det ikkje var brot, men me får sjå om eg er med eller ikkje. Det er mange faktorar som spelar inn om eg blir klar eller ikkje. Men dette er absolutt ein kamp eg vil spela, og Stabæk er det laget som slepp inn mest mål, seier Flo. Han ser på sjansane som 50/50 for at han er med i troppen som skal kjempa om poeng på den nye kunstgrasmatta på Fosshaugane.

Trur på siger

Kvittrøyene jaktar sin første trepoengar sidan 2–1 sigeren i heimekampen mot Molde 28. april. Etter ferien har laget spelt tre kampar og har henta to poeng frå desse.

Førre heimekamp tapte Jonas Olsson sine menn 3–1 mot Fredrikstad, medan Gustav Valsvik sørgja for eitt poeng i førre kamp mot heimesterke Tromsø.

– Me har hatt ei veldig god treningsveka. Held me opp trykken som me har synt på trening dei siste dagane så trur eg me skal behalda alle poenga i Sogndal. Gutane er veldig gira på å vinna og me går for tre poeng.

Viktig kamp

Ulrik legg til at ein siger mot Stabæk er viktig når ein ser på tabellen, og spår ein 3–1 siger til Sogndal.

– Sogndals mål blir scora av Brochmann, Valsvik og Mane, seier Ulrik med eit smil.



På forsiden nå


...

Kystvakta rydda fjorden etter raset

Nyhende Ber småbåtførarar vera på vakt. Les meir

...

Offerdalsvegen opna att

Nyhende Vart stengd for all trafikk etter at det tok til å rasa ved 14.30-tida laurdag. Les meir

...

Vil halda på fritt skuleval

Nyhende Noralv Distad og Høgre ønskjer å behalda Hordalandsavtalen for elevar i den vidaregåande skulen.. Les meir

...

Først ut med ny storfilm

Nyhende Sogndal Kino før verdspremeieren. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.