...
PÅ TRENING: Mikkel "Mix" Diskerud i samtale med Håvard Flo på dagens Sogndal-trening.

Diskerud trenar med Sogndal

Mikkel "Mix" Diskerud (21) dukka opp på Sogndal-trening i dag.

Endre Romøren E-post
Publisert 11.07.2012 kl 12:18 Oppdatert 11.07.2012 kl 12:45

Tips ein venn på e-post:



Den offensive midtbanespelaren var med på heile formiddagsøkta på Fosshaugane Campus, men ein overgang til saftbygda står ikkje på agendaen, i følgje Sogndal-assistent Håvard Flo.

– Mix er på fiskeferie i Jølster, og ønskte å få seg ei økt for å halda hjula i gong. Det er kjekt for oss å ha han med, då han er ein god spelar, seier Flo til Sogn Avis.

– Er det aktuelt å signera Diskerud?

– Det har ikkje vore nemnt med eit ord. Det er ikkje difor han er her, og i utgangspunktet var det berre denne økta han skal vera med på, seier Flo.

Nær overgang i 2010

Diskerud er kontraktsfesta til Stabæk ut 2012, men var på utlån til den belgiske klubben Gent førre sesong. Sidan kontrakten går ut er han snart bosmanspelar, og kan difor skriva under for den klubben han sjølv ønskjer.

Norskamerikanaren var i Sogndal sitt søkjelys i 2010, og var då nære ved å signera for klubben. No har han ferie, og skal bruka denne til å ta ei avgjersle rundt eiga framtid.

– Er Diskerud ein spelar de kunne tenkt dykk, Flo?

– Ja, han er ein fin type. Men det er som sagt ikkje difor han er her, og me har allereie mange spelarar i hans posisjon i stallen, seier Flo.

Testar spiss

Til stades på dagens trening var óg spissen Coly frå Senegal. Han spelar til dagleg for Casa Sports i heimlandet - den same klubben Sogndal henta Stéphane Diarra Badji frå i vinter.

– Coly er ein spelar me har følgt i eitt år, og som me har gode rapportar på. Han er eksplosiv, har eit bra rykk og er god i lufta. Potensialet hans er stort, og han er ein spennande spelartype, seier Flo.

Coly skal trena med Sogndal ut veka, før han må attende til Casa Sports for å spela seriekamp.

– Me får sjå kva som skjer etter det, ein låneavtale er ein moglegheit, seier Flo.

Spissen fekk ein stempling på vrista på dagens trening, dermed er det usikkert om han kan delta på økta i morgon.

Frå Jamaica

Sogndal er aktive i spelarjakten, og skal i tillegg få ein midtbanespelar frå Jamaica på prøvespel denne veka. Han landar på Haukåsen i ettermiddag, og trenar med laget torsdag.

På framsida no


...

Dom etter fallulukke

Den eine vart dømd, den andre gjekk fri.

...

Blir stengd kvar natt

På fylkesveg 55 over Sognefjellet blir det framover fast nattestenging. Men fredag regnar det på fjellet, og vegen er open.

...

Tusen tonn med brisling henta opp

– Det er mange år sidan me har hatt så godt brislingfiske i Sogn.