TALENTPRIS: Ørjan Hopen (20) er tildelt Statoils Talentpris for april. Sponsoransvarlig for Statoil, Magnus R. Amundsen sto for utdelinga.

Hopen fekk talentpris

Sogndal-spelaren Ørjan Hopen (20) er tildelt Statoils Talentpris for april.

Endre Romøren E-post
Publisert 08.07.2012 kl 21:51 Oppdatert 08.07.2012 kl 22:59

Tips ein venn på e-post:

Prisen er eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund, TV2 og Statoil. Sju talent vil få prisen gjennom sesongen, der éin av desse vert kåra til «Årets Talent» ved sesongslutt.

– Det er utruleg artig å få ein slik pris. Det gir meg motivasjon til å «gassa på» og prøva å vidareutvikla meg, seier Hopen.

Gir til breiddefotballen

Kvar månadsvinnar får 50.000 kroner han eller ho skal gje til ein eller fleire klubbar som har betydd mykje for utviklinga deira. Hopen gir denne summen til breiddefotballen i Sogndal.

– Dei har betydd mest for meg. Eg har spelt i Sogndal heile livet, seier 20-åringen, som slo i gjennom i eliteserien førre sesong med sine seks seriemål og livsfarlege dødballar.

Byrja bra

Hopen byrja bra også i årets sesong med scoring i serieopninga mot Odd Grenland og målgjevande i bortesigeren over Vålerenga, men sidan har formkurva peikt nedover.

Sogndølen har vore henvist til benken i fleire kampar, før han var attende i startellevaren mot Tromsø laurdag i Per-Egil Flo sitt skadefråvér.

– Eg har slite sidan mai, og kjend meg tung i kroppen. Men eg kjenner meg lettare i beina no, og satsar på å koma sigande framover, seier Hopen i kjend stil.

– Førebilete

Juryen for kåringa består mellom anna av toppfotballsjef Nils Johan Semb og trenar for G17-landslaget Bård Flovik.

Grunngjevinga for prisen er denne:

– Ørjan har spelt svært godt så langt i sesongen for Sogndal Fotball. Han har bidrege til stabilt spel på eit godt Sogndal-lag, og han har vore veldig sentral i alle situasjonar der mål kan gjerast med sin presise og gode venstrefot. I tillegg til hans gode venstrefot har Ørjan ein god speleforståing og er ein svært hardtarbeidande spelar, skriv juryen.

– I tillegg må det nevnast at han har takla utfordringane sine utanfor bana på ein forbilledleg måte, noko som gjer talentet hans enda tydelegare og sterkare. Gjennom sitt gode humør og ærlegheit rundt desse utfordringane kan dette fort gjera han til ein enda bedre spelar på bana. Ørjan framstår som haldningssterk, treningsviljug og kontinuerleg på jakt etter å utvikla seg vidare, legg juryen til.



På forsiden nå


...

Uroa over lite pengar

Nyhende Disposisjonsfondet inneheld lommerusk, samstundes som utfordringane står i kø. Les meir

...

Aksepterer ikkje kutt i Høyanger

Nyhende – Me i Årdal arbeidarparti aksepterer ikkje ei nedlegging av den vidaregåande skulen i Høyanger. Les meir

...

Hydro krev attende 85 millionar frå kommunen

Nyhende Selskapet hevdar å ha betalt for mykje eigedomsskatt i ti år og krev no beløpet, inkludert renter, attende. Les meir

...

Slik ferierer dei på fjorden

Lurer du på korleis cruiseturistane ferierer langs dei vestlege fjordane i mektige cruiseskip? Bli med inn i den største av dei alle, "Independence of the Seas", som tysdag la til kai i Skjolden.

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.