...
STERK TRIO: Øyvind Heiberg Sundby, til venstre, vann klart Vidasete Opp 2012, 20-åringen Ole Martin Erdal frå Førde, til høgre, lukkast med å spurtsigra Leif Bjørn Grindedal, i midten. Foto: Terje Eggum

Nye rekordar i sleip løype

Dei to store vidaseteprofilane leverte varene i søndagens sjuande Vidasete Opp.

Terje Eggum E-post
Publisert 08.07.2012 kl 18:05 Oppdatert 08.07.2012 kl 18:05

Tips ein venn på e-post:

Øyvind Heiberg Sundby og Therese Sjursen oppfylde arrangøren og publikum sine voner.

Full kontroll

Dei to pynta løyperekorden for herrer og damer. Dei hadde båe full kontroll gjennom det 4,7 kilometer lange løpet og klatra inn på nye bestetider og løyperekordar i Feios. For det fekk dei 5700 kroner kvar. Vidasete Opp 2012 samla 60 løparar i konkurranseklassen. Kvinnene sin løyperekord er frå i fjor, på 41.40, sett av Therese Sjursen. Søndag blei denne flytt ned av innehavaren sjølv, med 22 sekundar, til 41.18.

Fem sekundar

Mennene si bestetid i sporet opp til varden på 1227 meter over havet er frå 2010, sett den gongen av Øyvind Heiberg Sundby. Søndag blei den to år år gamle tida, på 34.41, justert ned med fem sekundar, til 34.36. Det er ny bestetid i sporet til Vidasete.

Han blei aldri skikkeleg utfordra denne gongen, men unge Ole Martin Erdal frå Førde tok innpå i siste delen av løpet. Ungguten slo Feios sin eigen Leif Bjørn Grindedal i eit spurtoppgjer. Dei to kom inn på 36.20 og 36.31.

...
GLAD JENTE: Therese Sjursen frå Fana kunne jubla over å ha tilbakelagt den bratte stigninga 22 sekundar raskare enn i fjor. Foto: Terje Eggum


På forsiden nå


...

Skuffa over ikkje å få spela

Sport Magnus Stamnestrø (21) har opplevd nokre skuffande første månader i Sogndal. Les meir

...

Gjenreist og nyopna 20 år etter starten

Nyhende Breheimsentret har reist seg att, på rekordtid. Elleve månader tok det for AH Bygg, og ei handfull dugande handverkarar frå Sogn, å gjenreisa den unike bygningen. Les meir

...

Nytt tap for Vik

Sport Jarle Christensens menn gjekk på sesongens femte tap borte mot Varegg i ettermiddag. Les meir

Til Grasrotandelen

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.