...
NYTT TAP: Henrik Furebotn og Sogndal rauk 1-3 på heimebane mot Fredrikstad fredag kveld. Foto: Wantana Tierney

Antiklimakset: – Frustrerande

Sogndal sin kunstgrasdebut på heimebane vart eit realt antiklimaks. Det frustrerer Henrik Furebotn (26).

Endre Romøren E-post
Publisert 30.06.2012 kl 00:07 Oppdatert 30.06.2012 kl 00:13

Tips ein venn på e-post:

Nytt banedekke. Flomlys. 5000 på tribunen. Det meste låg til rette for ein fotballfest på Fosshaugane Campus fredag kveld. Heilt til domaren bles i gong kampen.

– Første omgang var elendig, og det verka som det var for seint på kvelden for nokre av spelarane våre. Me skulle gå ut og køyra på frå start, men gjorde i staden det stikk motsette. Det er frustrerande, seier Furebotn til Sogn Avis etter kampen.

Svake

Og årdølen sin oppsummering er ikkje feil.

Sogndal var upresise frå avspark, og spesielt dei første 45 minuttane verka ikkje laget å trivast med å endeleg ha fått skikkelege speletilhøve i eiga storstove. Laget var baktunge, pasningane utan postnummer og adresse, og spelarane sleit stort med å finna kvarandre.

Khalifa Jabbie banka inn 1–0 i det 26. minutt, medan Alexander Ruud Tveter sørgde for 2–0 like etterpå.

– Presset sat ikkje, og me vann ikkje andreballar. Baklengsmåla var dårleg av oss, der me ikkje fekk klarert returane skikkeleg, seier Furebotn.

Vart bua på

Ulrik Flo reduserte for Sogndal timen ut i kampen då han stanga Kenneth Udjus sitt lange oppspel over Jon Knudsen og i mål, men trass i ein god periode like før og etter scoringa - der mellom anna Eirik Skaasheim heada i tverrliggjaren - kom ikkje sogndølene nærmare poeng.

Fem minutt før slutt punkterte den tidlegare Sogndal-spelaren Ole Jørgen Halvorsen til 3–1, då han skrudde ballen i nettet bak Udjus. Halvorsen valde å ikkje feira scoringa.

– Men eg burde kanskje gjort det, då det var ein del på tribunen som bua på meg. Men eg valde å drita i det, og ville visa respekt for Sogndal. Eg hadde fine år i klubben, og trivdes godt i bygda, seier Halvorsen til Sogn Avis.

– Vart stressa

Sogndal-trenar Jonas Olsson meiner kvaliteten i avslutningane bikka kampen i Fredrikstad sin favør.

– Me hadde liknande sjansar som Fredrikstad ved Tonny (Brochmann) og Ørjan (Hopen), men dei scora på sine gjennom to fantastiske avslutningar. Elles var det ein jamn kamp, seier Olsson.

– Kva er det som sviktar i laget før pause?

– Dei to måla i mot gjorde oss stressa, og det hjelpte heller ikkje at me spelte med ti mann i sluttfasen av omgangen, seier Olsson med referanse til då Taijo Teniste måtte ut med hovudskade dei siste sju minuttane av første del av kampen.

Les meir om kampen i Sogn Avis laurdag.



På forsiden nå


...

Målfest for Fjøra

Sport Sendte Høyang heim som slakt i 4. divisjon fredag kveld, medan Kaupanger spelte uavgjort. Les meir

...

Går av som leiar

Nyhende Arne Johannessen går av som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund. Les meir

Sogn Avis

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Postboks 3
6861 Leikanger
Tlf: 57656000

Tips oss

Telefon: 99082381
MMS: Sotips til 1982
SMS: Sotips til 1982
E-post: redaksjon@sognavis.no

Ansvarleg Redaktør

Jan Inge Fardal
jan.inge.fardal@sognavis.no
Me gjer merksam på at denne nettavisa blir
samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som
kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Opphavsrett

Materialet på denne nettstaden
vert omfatta av åndsverklova.
Sogn Avis er ikkje
ansvarleg for eksterne sider.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.